Våren er høgsesong for bilskadar som kjem av at standarden etter ein vintersesong, og når isen smeltar, mange stader blir rett og slett heilt elendig. Der den var elendig frå før, blir det berre endå verre.

Vegane er Innlandet sitt hav, står det i føreordet til fylkeskommunen sitt handlingsprogrammet for fylkesvegane 2022–2025. Det er jammen ruskut å leggja utpå stundom.

Då er det deprimerande å lesa at Innlandet fylke i år berre spanderer ny asfalt på 260 kilometer med fylkesveg. Desse 26 mila med ny asfalt er fordelt på ikkje mindre enn 62 ulike prosjekt over heile Innlandet. I Valdres er det berre fire mindre strekningar som får ny asfalt; fylkesveg 51 Beitostølen sentrum, to strekningar på fylkesveg 2442, og fylkesveg 2484 Garberg-Einang.

Det er mykje fylkesveg i Innlandet. 680 mil, for å vera nøyaktig. Ni prosent av all fylkesveg i Innlandet ligg i Valdres; 623 kilometer. Det skal brukast 1,9 milliardar i åra 2022–2025. Ifylgje fylkeskommunen har 270 mil fylkesveg eit fastdekke som er utgått på alder. Då er det ikkje nok å klatte litt her og der når det kjem eit hol eller bump i dekket.

Det er ikkje nok pengar i potten til å oppgradere og vedlikehalde fylkesvegnettet i verken i Innlandet eller i Noreg. Ifylgje ei oversikt Nationen presenterte i mars i fjor, er etterslepet i Innlandet 5,73 milliardar kroner. Å forvente at fylkeskommunen åleine skal finne desse pengane innanfor dei fylkeskommunale budsjetta, er som å tru på julenissen. Finansiering av vegstrekningar via bompengar er heller ikkje mogleg andre stader enn på Tonsåsen.

Fylkesvegane er det som held kommunar og fylke saman. Me pendlar på desse vegane, dei er skulevegar og det går husdyrtransport på dei. Skilting om telehiv, hol, dumpar, helling på vegen osb. er for dårleg. I utbetringsprogrammet for fylkesvegane 2022–2025 er berre lagt inn seks prosjekt for Valdres, inkl. utbetring av strekninga Tyin-Tyinoset. Oppgraderinga og utbetringa av fylkesvegnettet går rett og slett for sakte.