Ekstraordinær bandtvang i Vestre Slidre

Artikkelen er over 1 år gammel

No har nesten alle kommunane i Valdres ekstraordinær bandtvang.

DEL

På grunn av snøtilhøva har Vestre Slidre formannskap i sak 10/18 vedteke å innføre ekstraordinær bandtvang av omsyn til hjorteviltet for alt areal under 1000 moh. Dette gjer at hundar skal haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda, slik at dei ikkje kan jage eller skade hjortevilt, skriv Vestre Slidre kommune på sine heimesider 19. februar.

Det betyr at alle kommunane i Valdres utanom Vang har innført ekstraordinært bandtvang. Vang har derimot oppfordra innbyggjarane sine til å halde hunden i band.

Artikkeltags