Gå til sidens hovedinnhold

Hunde-jagaren Brøtaguten: Den språklege grunnen til at Brøtaguten på trykk vart jaga i staden for å jage, må vera retteprogrammet til avisa Valdres

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ved ein inkurie vart Brøtaguten hundejaga i epistelen min sist laurdag. Det var då eg skreiv om minnesteinar og merkesmenn - og merkeskvinner ingen har høgtida på.

I manuset mitt sto det at han vart hundejagar (med r i enden), og det er noko anna enn å bli hundejaga, for det er jo hundejagaren som jagar hundane, og hundane var til plage ved kyrkjene for 150 år sidan og den tid.

Ein kan seia mykje om Brøtaguten, han Ola på Hamrisbrøto, men han vart nok ikkje hundejaga han meir enn andre folk. Iltre laushundar og søykjande gardsbikkjer kunne nokon kvar koma ut for.

Den språklege grunnen til at Brøtaguten på trykk vart jaga i staden for å jage, må vera retteprogrammet til avisa Valdres. I avisa blir vel manus køyrt gjennom eit ord-retteprogram av eitt eller anna slag. Og då kan det vera fort gjort. Og det som då vart gjort, var at hundejagar vart til hundejaga.

Eg vil berre minne om eit av bodorda i journalistikken: Stol aldri på eit retteprogram. Så får vi berre håpe og tru at det går bra med bokstavane denne gongen.

Med det same eg har ordet: Brøtaguten (1819-1896) var spelemann og stemningsmenneske og etter kvart fattiglem i Presthaugo, rett synna Slidretun. Han avrunda yrkeskarriera si som deltids dørvaktar og hundejagar ved Slidredomen. Han var også ein nymotens mann, for han var glad i den nye drikken som heitte kaffi. Og han har fått sin minnestein utanfor kyrkja, der han altså var dørvaktar og hundejagar.

Kommentarer til denne saken