Hytteboom: 18.354 hytter i Valdres – og Oppland passerte 50.000

Mange nye hytter: I løpet av dei to siste tiåra har det kome til 4.430 hytter i Valdres. Foto: Hedda
Hyttebygginga i Valdres vil ingen ende ta. I løpet av 2018 kom det til 244 nye hytter i dei seks valdreskommunane. Men Hallingdal overgår Valdres både i hyttevekst og i antal hytter totalt. Hallingdal har for fyrste gong passert Valdres i antal hytter.
Valdres: Antal hytter bikka for fyrste gong grensa på 18.000 i 2018. Frå 2018 til 2019 auka talet på hytter i Valdres frå 18.110 til 18.354. I alle valdreskommunane, bortsett frå Nord-Aurdal, er det no fleire hytter enn fastbuande personar. I Oppland auka antal hytter med 810. Dette betyr tre av sju hytter i Oppland vart bygd i Valdres i året som gjekk.
Nord-Aurdal størst
Nord-Aurdal er den største hyttekommunen både i Valdres og i Oppland med 4.559 hytter. Øystre Slidre er nest størst både i Valdres og Oppland, mens Sør-Aurdal følgjer hakk i hæl på tredjeplass. Vang er den minste hyttekommunen i Valdres med 1.771 registrerte hytter ved starten på 2019, men Vang er samtidig den kommunen som relativt sett hadde den største tilveksten i fjor. I Vang vart det reist 38 nye hytter og fritidsbustader i 2018.
221 hytter i året
I løpet av dei siste 20 åra, frå 1999 til 2019, har Valdres auka hyttetalet frå 13.924 til 18.354. Det er ein auke på 4.430 hytter eller nøyaktig 221,5 hytter i året. Held veksten fram i same takt, vil Valdres ha nær 23.000 hytter i 2040. Både i Valdres og andre hyttedistrikt blir det no reist spørsmål ved om antal hytter er i ferd med å nå ei smertegrense.
Tettast i Vestre Slidre
I mange valdreskommunar er det no temmeleg mange hytter per kvadratkilometer. Flest hytter per kvadratkilometer er det i Vestre Slidre. Her er antal hytter per kvadratkilometer 6,34. Gol toppar denne statistikken i Hallingdal med 4,83.
Hytter i Valdres:
Kommune | 2018 | 2019 | Auke |
Sør-Aurdal | 3428 | 3451 | 23 |
Etnedal | 2386 | 2424 | 38 |
Nord-Aurdal | 4501 | 4559 | 58 |
Vestre Slidre | 2627 | 2671 | 44 |
Øystre Slidre | 3435 | 3478 | 33 |
Vang | 1733 | 1771 | 38 |
Valdres | 1810 | 18354 | 244 |
Hytter i Hallingdal:
Kommune | 2018 | 2019 | Auke |
Flå | 1877 | 1949 | 72 |
Nes | 3027 | 3262 | 155 |
Gol | 2428 | 2482 | 54 |
Hemsedal | 2161 | 2151 | – 10 |
Ål | 2823 | 2873 | 50 |
Hol | 5538 | 5634 | 96 |
Hallingdal | 18089 | 18506 | 417 |
Kommentarer til denne saken