Spørsmål til Elvestuen: Korleis forvaltar vi fjellet på beste måte?

Den femte desember stilte vara til Stortinget, Ingjerd Thon Hagaseth, fylgjande spørsmål til statsråd Ola Elvestuen: Vil Statsråden – i samband med revidert nasjonalbudsjett – ta initiativ til å avsette midlar til fylkeskommunane for å stimulere til oppstart av arbeidet med regionale planar for fjellområde med stort utbyggingspress, for slik å sikre berekraftig utvikling og ivaretaking av naturmangfald og friluftsområde?