Det øvste merket
er det få som når. Det er frå juli 1789, då ekstremflaumen Storofsen ville lagt store delar av dagens Fagernes sentrum under vatn.

Det nest øvste merket er frå 1860, då vasstanden i Strondafjorden nådde 359 meter over havet, eller vel fire meter over dagens høgast regulerte vasstand. Og det er 1860-flaumen som dannar grensa for 200-årsflaumen Norsk vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner kommunen må planleggje for.

Ein skal ikkje nedvurdere flaumfarane. Flaum gjer stor skade, og liv kan gå tapt. Det kostar mykje pengar å rydde opp etter flaum og ras. Samfunnet brukar store summar både på erstatning og oppbyggjing etter flaum, og på å sikre seg mot flaum og andre naturøydeleggjingar som steinras og kvikkleireskred. Når det kostar så mykje, må det også fylgje med ansvar lokalt for å unngå å byggje og bu i særs flaumutsette område.

Men er det rett at det skal vera det same regelverket uavhengig av korleis ein flaum kan handterast? Kor store restriksjonar skal leggjast på Fagernes, Hamar og Gjøvik for flaumar som treff statistisk ein gong per 200. år? Skal utviklinga stoppe heilt opp?

Konsekvensen av restriksjonane er t.d. at framtidige parkeringskjellarar må ha innkøyring over nivået for ein 200-årsflaum. For Fagernes sin del tyder det at ei parkering for framtidige bygg ved Strondafjorden må vera i Jernbanevegen. Det seier seg sjølv at det blir for kostbart til at byggjeplanar kan realiserast.

Ordførarane i Nord-Aurdal, Hamar og Gjøvik har vore hjå Kommunal- og distriktsdepartementet for å få til ei endring i krava til flaumsikring. Dei peikar på at regulerte vassdrag, som Strondafjorden og Mjøsa er ein del av, ikkje vekst brått og raskt over natta. Flaumen veks sakte, noko som gjer at ein kan sikre eigedom og eigedelar. Statssekretær Kjersti Bjørnstad (Sp) er likevel tilbakehalden med å lova noko. Ei regelendring vil få konsekvensar for heile landet, peikar ho på.

Å rekke rydde unna bilar vil ikkje i seg sjølv vera nok. Forsikringsselskapa vil truleg også kvi seg for å forsikre bygningar som blir bygde innanfor flaumsona. Men eit regelverk som tek høgde for at regulerte vassdrag gir kommunar betre tid til evakuering og sikring, og byggtekniske krav, burde det vera mogleg å unngå det som i praksis blir eit totalforbod mot utvikling.