Ei av dei som tek bladet frå munnen er Ronja Håkenstad Evertsen frå Øystre Slidre. I eit intervju her i avisa Valdres er ho kritisk til måten det blir snakka om spiseforstyrring på i Skiforbundet. "Det virker som at Norges Skiforbund ikke skjønner hvordan de skal snakke om det for at det skal bli bra", seier Evertsen.

Ho meiner Skiforbundet fokuserer for mykje på at utøvarane skal eta nok mat. Evertsen meiner det ikkje berre handlar om å eta for lite. "Å ha en spiseforstyrrelse handler om mye mer enn å bare spise for lite, det mener jeg Skiforbundet ikke fanger helt opp. Noen overspiser, og noen spiser for mye og kaster opp maten etterpå." Det unge skiløparen meiner også at det blir snakka for mykje om ernæring når spiseforstyrring er oppe som tema.

At Evertsen tør å vera så klar og sterk i uttalane er bra. Ho er ei tøff, ung kvinne, som det er verdt å lytte til. Unge idrettsutøvarar som utviklar spiseforstyrring må takast på alvor. Diverre ser det ikkje ut til at Skiforbundet heilt har klart å ta Evertsen og andre jenter på alvor. På kritikken frå Evertsen svarar Espen Bjervig, langrennssjef i Norges Skiforbund, at det er "leit at hun har opplevd dette slik hun beskriver det". Det vitnar ikkje om eit skiforbund som handterer bekymring kring idrett, eting og helse særleg bra.

Å ha spiseforstyrring som anorexi og bulimi handlar ikkje berre om ernæring. Spiseforstyrring handlar minst like mykje om mental helse, tilhøve til kropp, overtrening, angst, kontrollbehov osb. Unge jenter - og gutar - som slit med spiseforstyrring kan ikkje berre bli snakka til om ernæring, om protein, feitt og karbohydratar.

Som Ina Høiland i ROS (Rådgivning om spiseforstyrrelser) poengterte i Dagbladet i november: "Det er veldig dumt å fortsette å behandle en spiseforstyrrelse med ernæringsfysiologi." Spiseforstyrring er ei psykisk liding og må behandlast deretter, meiner ho.

Spiseforstyrring kan i verste fall vera dødeleg. Då kan ikkje unge kvinner som seier frå bli møtt med at det er leit dei opplever det slik som dei skildrar det.