(SOGN AVIS): Kraftig rasaktivitet og ei ulukke i Lærdalen skapar utfordringar for trafikantar i Sogn.

I Borlaug var Anders Frydenlund i Vang Auto-Service tidleg på plass på staden for å setja i gang arbeidet.

– Denne tralla må lossast, for det er borti nitti pallar med varer som må ut før me kan berga vogntoget. Så vippar me den på hjula og får drege den vekk, sa bilbergaren i Valdres-firmaet til Sogn Avis tidleg torsdag.

Av den grunn står det no fullt av Ikea-møblar i vegbana.

– Tømminga er i gang, så skal køyretøyet bergast etter det. Me har ikkje eit eksakt tidspunkt, men av erfaring plar slike ting å ta litt tid. Det blir nok godt utover ettermiddagen før ein er tilbake til normalt, opplyser Vegtrafikksentralen Vest.

Det som er av trafikk i området blir dirigert forbi, og det flyt fint.

I Aurland ser det verre ut. Etter fleire ras i går, er fleire vegar framleis stengde.

Fv. 5625 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengt, og skal vurderast på nytt klokka 10.00 fredag.

Det same gjeld Fv. 5623 mellom Bakka og Gudvangen. Den blir vurdert på nytt i morgon klokka 12.00.

– Me ventar på geolog. Det er observert store mengder massar som framleis ligg i fjellsida, og det er venta store nedbørsmengder i dag. Det er truleg at den blir verande stengt lenger enn til i morgon, opplyser Vegtrafikksentralen.

Også på Fv. 5626 til Undredal i Aurland gjekk det ras i går. Strekninga er no rydda og open for trafikk.

Fv. 5600 mellom Arnafjorden og Vik blir verande stengt.

– Det er geolog på staden no som har vore i helikopter. Det er meldt mykje nedbør i dag, og når det gir seg vil dei sjå nærare etter. Det er sett ny vurdering klokka 16.00 i dag.