Førre veke var det folkemøte Sør-Aurdal om stormen som råka Valdres 19. november. Begnadalen og Hedalen var to av dei aller verst råka områda på Austlandet.

Mykje skog bles over ende, mange hushaldningar var utan straum og telefon i dagevis. Sjølv om skognæringa har jobba heile vinteren med å rydde opp etter stormen, vil det ta endå mange månader før ein er i mål. Fleire skogeigarar har mista mykje skog, og det vil gå generasjonar før ein er attende på same nivå som før stormen.

Ordførar Marit Hougsrud var ærleg på at ho ikkje forstod alvoret. Kommunen i Sør-Aurdal har også måtta tole kritikk for å ikkje trykt på den raude knappen tidlegare. Men for å kunne gjera det, er det ikkje nok å sjå at det er meldt oransje farevarsel. Strengt teke er det ikkje uvanleg i Valdres. Det må også meldast inn tidleg, slik at ein kan setje i gang bereskap og eventuell bistand. Beredskapsplanar, og ein plan A, B, C og D, må liggje i skuffen. I papirformat, også, om straumen og breibandet blir borte.

«Surrealistisk», var ordet leiar for beredskapsavdelinga i Valdres bann- og redningsteneste brukte. For ikkje berre var det utfordringar med kommunikasjonen då telefonnettet datt ned, etter kvart forsvann også naudnettet. Å kommunisere med kvarandre vart dermed svært vanskeleg. For folk som trong hjelp, vart det då også umogleg å nå redningsetatane. Politi og brannvesen kunne verken bruke plan A eller B under stormen.

At naudnettet låg nede i tre døgn mange stader i Valdres, burde vore ein rikspolitisk skandale. Det er knapt til å tru at styresmaktene ikkje ser ut til å ta det særleg alvorleg at naudnettet fleire gongar dei siste åra har falle ut under storm. Brannsjef Laila Østgård peiker også på kor sårbart naudnettet er som den største erfaringa. Det er alvorleg når redningstenestene mistar store delar av beredskapsverktøyet når naudnettet ikkje verkar. Og her var det altså ikkje snakk om ein time eller to, men dagar.

Når fleire vegar var stengde og det var farleg å bevege seg ute på grunn av lause gjenstandar og tre som bles over ende, er det kritisk når ein heller ikkje når fram. At det ikkje var nokon som vart alvorleg skadde, eller at liv ikkje gjekk tapt, er rein og skjer flaks.

Neste gong ekstremvêret råkar oss, er det ikkje sikkert me har like stor flaks. Då må me vera betre førebudde.