Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje førebudde på pandemi

Regjeringa får skarp kritikk for handteringa av koronapandemien.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Regjeringa var ikkje førebudd, sjølv om ho visste faren for pandemi var stor. Regjeringa visste at det ville bli vanskeleg å skaffe nok smittevernutstyr om landet vart råka av ein pandemi, men bygde ikkje opp smittevernlagra. Tiltaka som vart innført 12. mars i fjor skulle vore avgjort av regjeringa, ikkje Helsedirektoratet.

Valdres-kommunen har hatt høgare smittetrykk enn Oslo dei siste par vekene – innfører ny mellombels koronaforskrift

Dette er noko av kritikken mot regjeringa som kjem frå koronakommisjonen. Det skal understrekast at hovudkonklusjonen til kommisjonen er at regjeringa har handtert pandemien godt samla sett. Men noko har likevel svikta.

Ordføreren: ­– Jeg var overrasket over å bli valgt til ordfører. At det skulle komme en pandemi i min første periode var helt utenkelig

Erna Solberg og Høgre gjekk i 2013 til val på å styrke beredskapen. Regjeringa har hatt mange år på å byggje opp ein kriseberedskap for å handtere ein pandemi, men har ikkje gjort det. Tidlegare leiar i Verdas helseorganisasjon, Gro Harlem Brundtland, sa alt i mars i fjor at koronapandemien var «ein varsla katastrofe». I 2019 skisserte Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) at dei to mest sannsynlege krisescenarioa var pandemi og mangel på legemiddel.

Overfor Dagbladet karakteriserte statsminister Solberg manglane i pandemihandteringa som «skjønnheitsfeil», noko som fekk fram latteren hjå kommisjonsleiar Stener Kvinnsland under framlegginga onsdag. Karakterboka syner gode karakterar når regjeringa fyrst kom i gang. Men kommisjonen meiner regjeringa hadde to månader på seg til å planleggje scenario og nedstenging av landet, ikkje timar slik det i realiteten vart. Fleire kommunar i landet hadde då alt vedteke strenge tiltak for å motverke spreiing av viruset.

Kommisjonen konkluderer med at kommunane har teke eit stort ansvar for å handtere pandemien, men at regjeringa tok for lite omsyn til kommunane. Informasjonsflyten mellom sentrale styresmakter og kommunane har ikkje vore god nok, og dei daglege pressekonferansane var lenge einaste informasjonskjelda kommunane hadde for å funne ut kva som skjedde. Smittevernutstyr vart også fordelt til sjukehusa fyrst, før kommunane fekk.

Kritikken frå kommisjonen er alvorleg for regjeringa. Men aller mest alvorleg er det at styresmaktene ikkje var godt nok førebudde på ein smittsam pandemi. At regjeringa var gode på å improvisere då alvoret endeleg seig inn, har vore med på å halde smittetal og dødsfall nede. Pandemien er på langt nær over, det er heller ikkje kampen mot den. Då må styresmaktene lære av feila, både no og for seinare kriser.

Kommentarer til denne saken