Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Tatiana og Odd Ingar Toresen har vore på leiting etter namna på to russiske soldatar som vart drepne i Valdres under andre verdskrigen. Engasjementet frå ekteparet og attendemeldingane på sakene syner at andre verdskrigen framleis rører ved menneske også her i Valdres.

Et steg nærmere en oppklaring på hva som skjedde med de russiske soldatene Nikolaj Jasjin og Nikolaj Sinejev
102 000 sovjetiske krigsfangar vart sendt Noreg under krigen, i tillegg til 7000 såkalla austarbeidarar, som var sivile sovjetiske tvangsarbeidarar. I Noreg vart fangane plasserte i 500 leirar. Dei var tvangsarbeidarar for okkupasjonsmakta, og måtte byggje bruer, jernbane og fabrikkar.
Fangane levde og arbeidde under svært vanskelege tilhøve, og over 10 prosent – om lag 13 000 – døydde under fangeopphaldet i Noreg. Nokre av dei vart skotne under flukt.

Avisa «Velgeren» 27. april 1946: «Garthus la ned et lite kors fra barn som hadde truffet de to russere på en seter da de var på flukt i 1943»
Mellom dei er to fangar som etter krigen, i 1946, fekk ny grav ved Bagn kyrkjegard.
Det heile starta med at Tatiana og Odd Ingar fatta interesse for krigsfangar. Etter å ha besøkt ei grav på Gjøvik med minnesmerke over to sovjetiske fangar – utan namn og tilsynelatande gløymde for ettertida – byrja arbeidet med å nøste opp identiteten til soldatane.
Ein stad sat kanskje barn eller barnebarn, eller annan nær familie utan å vita kva som skjedde med nære slektningar som vart tekne til fange av nazistane og sendt til Noreg. Ekteparet lukkast med å finne ut kven soldatane var, og Tatiana har snakka med slektningar av Aleksandr Kalistrato. Han var ein av dei som vart gravlagt på Gjøvik.

Tatiana og Odd Ingar på leting: – Hvem er de to sovjetiske soldatene som ligger begravet på Bagn kirkegård?
Tatiana og Odd fatta også interesse for grava i Valdres, og dei siste vekene har dei prøvd å nøste seg fram i historia til dei namnlause russiske krigsfangane som vart gravlagde i Bagn. Dei meiner det truleg er det Nikolaj Jasjin og Nikolaj Sinejev som ligg der. No håpar dei å koma i kontakt med familie av dei for lengst døde soldatane.
Av dei tusenvis som framleis er sakna etter andre verdskrigen, er det nokre familiar som no kan få svar.