Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
I Noreg er det høg tillit til politikarar og politiske parti. I alle fall samanlikna med andre land. Denne tilliten er no i ferd med å breste.
E24 har avslørt at Erna Solberg sin ektemann, Sindre Finnes, har drive med storstilt aksjehandel også medan Solberg var statsminister. Finnes har utført over 3600 aksjehandlar i perioden Solberg vart statsminister, og har ført kona si bak lyset. Men han har også ført ein Høgre-leiar og tidlegare statsminister bak lyset, medan ho har hatt desse posisjonane.

Lokale Høyre-politikere om Sindre Finnes' aksjehandler: – Trist sak
Høgre slår no ring om Solberg. Slik statsminister Jonas Gahr Støre også slår ring om utanriksminister Anniken Huitfeldt, som også har ein ektefelle som har handla med aksjar i selskap som ligg under Huitfeldt sitt ansvar. Både Solberg og Huitfeldt har vore uvitande inhabile som fylgje av ektefellane sine.
Rikspolitikken er ikkje ei leikegrind der nære vener og familiemedlemer av partileiarar og statsrådar skal kunne tene på tette band til politikarane. Dei reaksjonane som har kome i sosiale medium på avsløringane kring Finnes, og korleis Erna Solberg og kommunikasjonsapparatet til Høgre har handtert opplysningane, tyder på stor avstand og mistillit mellom veljarane og politikarane. Og enno er truleg ikkje alle kort på bordet.
Om avsløringane kring Solberg, Finnes og Høgre si handtering hadde kome før valet, er det likevel ikkje gjeve at det ville fått konsekvensar for valet, i alle fall ikkje i Valdres. I lokalpolitikken handlar det fyrst og fremst om tillit til lokalpolitikarane, og slik må og skal det også vera. Høgre stilte liste i tre kommunar, og kom også inn i kommunestyret i alle tre kommunane. Lokalpartia er på ingen måte ansvarleg for partileiarens eventuelle kjennskap til kva ektefellen driv med.
Dei siste åra har sentrale politikarar vore involverte i Metoo-saker, pendlarsaker, svindel med reiserekningar, aksjehandel og inhabilitet. Alle kan gjera feil, men totaltbiletet er at det rikspolitisk har vorte gjort mange feil. Biletet av at rikspolitikarar skaffar seg sjølve gode, i ein situasjon der mange skrapar tom kontoen før neste løn kjem, er i ferd med å feste seg. Det er dette som til sjuande og sist er med på å undergrave tilliten til politikarane som er valde for å representere oss. Høgre-sigeren i lokalvalet har fått seg eit djup skrape i lakken. Det har ikkje alle som har stått på for Høgre rundt om i lokalval og fylkesval fortent.
Året 2023 framstår meir og meir som året der illusjonen om at politikarar er som folk flest, brast.