In­ger To­run Klos­bø­le: – Vi job­bar med saka

Inger Torun Klosbøle: Vil ha inn att tilskot.

Inger Torun Klosbøle: Vil ha inn att tilskot. Foto:

Dei po­li­tis­ke par­t­ia job­bar med å få inn att helserådgivarstillingar i dei vi­da­re­gå­an­de sku­la­ne.

DEL

Innlandet: Det stad­fes­tar fyl­kes­tings­rep­re­sen­tant In­ger To­run Klos­bø­le (Ap).

– Eg har fo­re­slått at sku­la­ne i dei re­gi­o­na­ne der det er flei­re kom­mu­nar som er vil­li­ge til å bi­dra i eit splei­se­lag, bør pri­o­ri­te­rast, sei­er Klos­bø­le. Det vil i prak­sis seia dei kom­mu­na­ne og dei sku­la­ne som i dag går sam­an om helsrådgivarstillingar, der­iblant Vald­res vi­da­re­gå­an­de sku­le.

– Vi vil prø­ve å for­hand­le for å få det­te til, sei­er Klos­bø­le, som sjølv er ut­dan­na psykiatrisk sju­ke­plei­ar og der­for har godt kjenn­skap til tem­aet.

– Helserådgivaren er vik­tig for å bi­dra til å styr­ke ung­dom­mens hel­se og hind­re frå­vær og frå­fall i sku­le­lø­pet. Det har vist seg at den­ne funk­sjo­nen ved dei vi­da­re­gå­an­de sku­la­ne er vik­tig. Kvar fjer­de per­son på lands­ba­sis slit jo med psy­kisk hel­se. Det må vi ta på al­vor, sei­er Klos­bø­le.

Klos­bø­le vi­ser til at det ik­kje er ei lov­på­lagt opp­gå­ve å ha helserådgivar ved dei vi­da­re­gå­an­de sku­la­ne, og at fyl­kes­råd­man­nen der­for i ein svært trong økonomisk si­tua­sjon der­for har fo­re­slått kutt i opp­gå­ver som ik­kje er lovpålagde. Hed­mark har ik­kje ei slik ord­ning som Opp­land, og skal ein gjen­nom­fø­re til­sva­ran­de ord­ning i alle re­gi­o­nar i det nye stor­fyl­ket, så vil det bli kost­bart.

– Eg kan trygt seia at eg er skuf­fa over dei stat­le­ge over­fø­rin­ga­ne til den nye fyl­kes­kom­mu­nen, sei­er In­ger To­run Klos­bø­le.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken