(MITT SØR-AURAL): Ina Støen (21) frå Trøndelag, og Maurice Jean-Paul Bischof (23) frå Sveits, møttest då dei tok agronomutdanning på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland der dei gjorde seg ferdige i fjor.

Etter at dei la ut ei annonse på Facebook i januar, og blei blant anna intervju av Avisa Valdres, fekk dei mange førespurnader.

– Me forelska oss i Lundelien og klarte ikkje sleppe tanken på å bu der, så då blei valet fort klart, seier Ina.

Ynskjer å leve tett på naturen

– Her kan me få prøvd ut mykje av det me er interesserte i, fortel Ina.

– Som å byggje grønsakhage og ha geiter på beite, drive manuell hogst, hauste av naturen og foredle det me sjølv dyrkar.

Sidan dei flytte inn i midten av februar har dei vaska og ordna, isolert rundt omnen og gjort det heimekoseleg og varmt. Nokre møblar er henta frå stabbur og låve, og noko er kjøpt brukt.

– Dei fyrste dagane var ganske kalde, men etter at me har fått omnen ordentleg i gang og isolert litt har det vorte mykje betre, fortel Maurice.

Omnen blir også brukt til matlaging og har allereie vist seg å gje skikkeleg gode heimebakte brød.

God mottaking i bygda

– Me var jo veldig spente på korleis me kom til å bli møtt av bygdefolket, men det har overgått forventningane, fortel Maurice.

Paret fekk hjelp til å frakte flyttelasset opp då dei skulle flytte inn.

– Me har blitt invitert på middag og fått låne dusj og vaskemaskin hos naboen. Som også har lånt oss motorsag og brøyta vegen. Me har òg fått tips om, og blitt sett i kontakt med relevant jobb.

– Ein er jo alltid litt spent når ein skal flytte til ein ny plass, seier Ina.

– Men det har vore veldig fint her dei fyrste vekene. Folk har vore veldig positive til at me busett oss her, og til det me vil drive med.

Gler seg til vårsol og snøsmelting

Sjølv om starten i Lundelien var kald set dei også pris på dei stjerneklare nettene, med stjernebildet Orion over låvetaket, og kvitrande kjøttmeis om morgonen.

Skiene er også tatt i bruk, både for dagstur i skogen og for å køyre ned til vegen der bilen står parkert.

No stundar dei på våren og gler seg til å sjå at snøen forsvinn slik at det kjem rennande vatn i bekken, og at det blir bar bakke slik at dei kan sette og så grønsakene dei vil dyrke.

– Førebels har me jo berre sett Lundelien dekt av snø, seier Ina.

– Men me fikk sett eit bilete av nokre som var på tur her på sommarstid, og då var det endå finare!

Rundt kjøkkenbordet diskuterer dei kva slags frø som bør kjøpast inn og kvar grønsakhagen helst bør liggje. Dei er begge tydelege på at dette blir eit prøveår der dei blir kjende med flora og fauna, både moglegheitene og avgrensingane på garden og seg sjølve.

– Me vil bruke tida fram mot hausten til å hauste av marka, nyte naturen og bli kjent med bygda. Så får me sjå kva framtida bringar.

Utdanning

Medan Maurice er i gang som vikar på Sør-Aurdal Ungdomsskule, skal Ina ta meir utdanning der ho lærer om økosystem, og brukar garden som utgangspunkt for ei oppgåve.

På sikt drøymer dei begge om å skape eit sosialt tilbod på garden og i bygda, kor barn og unge kan få vere med og få fyrstehandserfaring om landbruk og dyrking av grønsaker og vekstar, og få ein arena for meistring der dei kjenner seg verdifulle og varetatt.

No gler dei seg til å utforske alle dei ulike moglegheitene som ligg rundt dei, idéane dei gjerne vil prøve ut og korleis småbruksdraumen best kan kombinerast med jobb.