Eg vil ha ein billett, men det er utseld, kva gjer eg?

Det vert lagt ut avbestilte billettar kl. 12 på fredag. Etter det, så må du høyre om andre har ein billett

Eg har ikkje billett, men det er jo gratis. Kan eg ikkje berre møte opp?

Nei, det er 1200 personar som skal inn i eit nytt bygg. Me må ha kontroll på talet på personar inne i hallen, og kan difor ikkje det.

Det er ofte høg lyd på konsertar, er dette ein slik konsert?

Scena har nok straum til å forsyne 4–5 hus, og det blir høg lyd. Me anbefaler alle born å ha med høyrselsvern, og det kan også vera lurt å ha med øyreproppar om du er redd for høg lyd. Lyden er nok ikkje høg nok til å leggje håret flatt, men vi opplyser om at vi ikkje tek ansvar for sveisen til publikum.

Kva ulike billett-typar er det?

Me har to billettar, ein for framkomst frå kl. 17 og ein fyrst kl. 19

Kvifor har de to ulike billett-typar?

På grunn av plassen i hallen. I fyrste delen av programmet, så har vi ei oppvisning på ei matte som tek ¼ del av salen, og dermed 300 sitteplassar. Her vil det bli fylt opp med stoler i pausen

Om eg har ein billett med framkomst kl. 19, og kjem klokka 17, kva skjer då?

I fyrste del av programmet er det avgrensa med sitteplassar, og ein kan i versta fall måtte vente til kl. 19. Me gjer så godt vi kan for å få alle inn når dei kjem, men om det blir for lite plass så må ein vente. Du kan også sende e-post til [email protected] for å høyre om du kan koma før.

Korleis er programmet?

Det er eit overordna program:

– Kl. 17 innslepp

– Kl. 18, diverse kulturinnslag frå scena

– Kl. 19, pause med lett servering og moglegheit til å sjå seg litt rundt

– Kl. 20, STAUT konsert

– Kl. 2130 arrangementet er ferdig

Når spelar STAUT?

STAUT spelar frå kl. 20 og i ca. 75 minutt

Korleis kan eg bidra til at hallen blir endå betre for kulturarrangement?

Vipps til 02930, og du er med å spleiser på eit skilje i hallen for å sikre endå betre oppleving for publikum og utøvarar.

Korleis bestiller ein eller kjøper mat?

Du kan bestille mat fram til kl. 12 på fredag på www.valdresmathus.no og hente det ut i midten av salen eller ved svømmehallen. Du kan også kjøpe enkel mat og drikke frå kafeen frå kl. 17 til kl. 20.

Kvar er inngangane?

Det er tre hovudinngangar. Ein frå Dalagata og to frå Fossvang.

Dei to frå Fossvang vert stengde når arrangementet er i gang, og den frå Dalagata blir inngang.

For akkreditering, manuell innsjekk eller andre spørsmål, så er det ein inngang mellom hallen og svømmehallen, ved Kafe Bukfyll

Kvar er sparkparkeringa?

Ein kan parkere sparken sin på sida av huset, så lenge det ikkje hindrar nødutgangar. Det vil bli skilta.

Meiekjelker kan også parkerast på same plass.

Er det sitteplassar til alle?

I fyrste del av programmet, mellom kl. 18 og 19 er det ca. 700 sitteplassar på stol, og ca. 100 plassar for born på mattene til Wildcats, og det vil vera mogleg at nokre må stå. I andre del erstattars dette med 300 seter, pluss ekstra plassar på tribunen, men det kan vera at nokre få må stå.

Ståplassane er langs veggen mot tribunen på grunnflata og bak tribunen på andre nivå.

Er det eigen plass til rullestolar? Det er to plassar for rullestolar, og det er plass til fleire stolar på kvar plass. Ein på tribunen på andre plan, og ein midt på golvet i salen. Spør ein frå Røde Kors om du ikkje finn fram. Om du har rullestol og vil sitte ein anna plass, så høyr med ein vakt om det er mogleg.

Eg treng å bli køyrt fram til inngangen eller eg kjem i rullestol, korleis kjem eg fram?

Du kan køyre inn mot SAUS og køyre inn framfor bygget. Her kan ein sleppe av dei som treng å bli køyrt, men ikkje parkere. Det er 4 parkeringsplassar for HC her, men ingen anna parkering. Det er også ein inngang frå Dalagata, men denne vil ikkje vera tilrettelagt for bilkøyring. Men inngangen kan brukast av rullestol, og det er heis i bygget.

Kvifor kan eg ikkje gå i høge hælar?

Arrangementet er på eit sportsgolv, og dette er ikkje veldig glad i høge hælar, broddar, småstein eller piggsko

Kvar er brillene mine, skoa mine eller iPaden min?

Det veit vi ikkje, men om du legg noko att på arrangementet, så samlar vi det opp og det kan hentast i resepsjonen på kommunehuset frå måndag eller avtale henting på sundag i hallen.

Er det barnepass under arrangementet?

Nei, dette er eit familiearrangement, og de har sjølve ansvar for å halde eit auga på borna. Det er vakter til stades, og dei er der for å passe på sikkerheita.

Eg skada meg, eller eg ser ein farleg hending, kva gjer eg?

Du finn personar i uniform og refleksvest. Ta kontakt med vedkommande, og dei vil hjelpe deg?

Foten min rockar og eg har lyst til å danse framfor scena, kva gjer eg? Me vil gjerne ha føter som rockar, men det er ikkje staden for å hoppe framfor scena. Det kan vera plass til å danse på sidene av hallen, men bruk sunn fornuft.

ABC

Alkohol, dette er eit familiearrangement, og det er ikkje lov å nyte alkohol under arrangementet. Rusa personar vil bli viste bort

Billettar er utgjevne av Ticketco, og ein kan ha med seg desse på skjerm eller papir. Skjerm er best, og også best for miljøet.

Garderobe og plass til klede finn ein inne i garderobane, ved sidan av scena og ved inngang frå Dalagata

Mat og drikke. Ein kan førehandsbestille mat og drikke på valdresmathus.no fram til fredag kl. 12. Det er mogleg å kjøpe noko mat i kafeen, eller ein kan ta med.

Parkering har med på Fossvang, SAUS, busshaldeplass til skulebussar og rundt Tingvoll

Spark er på dei fleste måtar den føretrekte måten å komme seg til hallen på, sjølv om det kan vera utfordrande for dei som ikkje bur i Bagn.

Toalett er inne i garderobane og ved Kafe Bukfyll