Skal den eksisterande strukturen for tingrettane sikrast, eller skal me gå attende til Valdres tingrett? Regjeringa har bede om innspel til domstolsstrukturen, og om domstolsreforma skal reverserast. Dette spørsmålet har kommunepolitikarane no anten teke stilling til, eller skal ta stilling til torsdag. Den klare meldinga frå sentralt hald er at det må vera eit ynske lokalt om nedlagde tingrettar skal gjenopprettast.

Etter lang debatt vart domstolsreforma i fjor innført. Gjøvik, Nord-Gudbrandsdalen, Sør-Gudbrandsdalen og Valdres vart slege saman til Vestre Innlandet tingrett, og dei tidlegare tingrettane gjort om til såkalla rettsstader. Valdres tingrett vart dermed til Fagernes rettsstad. Spørsmålet kommunane no har hatt til drøfting, er om reforma skal få leva vidare. Strengt teke er det ikkje lett å vurdere dei langsiktige konsekvensane for, til dømes, rekruttering av fagkompetanse når reforma berre har verka i eitt år. Reverseringa av reforma kan difor vera i tidlegaste laget.

Bak domstolsreforma låg det utgreiingar, rapportar og ein stor og langvarig offentleg debatt. Utgreiinga som ligg til grunn for framlegg til vedtak i kommunestyra ser ut til å vera noko mangelfull. Det er berre éi side av saka som blir presentert i sakspapira; å halde på Vestre Innlandet tingrett. Vurderingar av konsekvensar av at den stadlege leiinga sit på Gjøvik, er heller ikkje gjort. Det ser heller ikkje ut til konsekvensen av at sorenskrivaren ikkje sit på Fagernes lenger, er særleg drøfta.

Éi sak er at alle kommunestyra får likelydande framlegg til vedtak, der sakspapir og vedtak til innstilling er utforma av kommunedirektøren i Nord-Aurdal. Framlegget var å halde på strukturen med Vestre Innlandet tingrett og Fagernes som rettsstad, og førebels er det berre Vestre Slidre kommune som har gått mot vedtaket.

Ei anna sak er at reformer og strukturar er politikk, ikkje byråkrati og administrering. Hadde det vore opp til byråkratane å definere kva offentlege tilbod som skal finnast i distrikta, ville det knapt vore statlege tilbod her. Er saksutgreiinga i tillegg mangelfull, blir det vanskelegare for kommunepolitikarane å gå mot framlegget i kommunestyra.