Ingen avtale på plass mellom Øystre Slidre kommune og private Heggebø Friluftsbarnehage

Barnehagestrukturen i Øystre Slidre har vore arbeidd med i lengre tid i Øystre Slidre kommune. Då økonomiplanen vart vedteken, så vart det i praksis vedteken å leggje ned Tingvang barnehage. Rådmannen har også fått i oppdrag å få til ei avtale med private Heggebø Friluftsbarnehage. Dette har kommunen ikkje lukkast med til no, sjølv om samarbeidet er godt.