Gå til sidens hovedinnhold

Ingen skal tole rasisme eller diskriminering

«Neger», «svarting», «sjokoladekake». Haldningar og handlingar mot dei handlar om kva samfunn me vil ha i Valdres.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Sigrid Havig Berge er mamma til tre ungar. Dei er tilfeldigvis litt brunare i hår og hud enn andre ungar. I ein kronikk i NRK og her i avisa Valdres fortel Havig Berge om noko av det ungane hennar har opplevd å bli kalla i skulegarden, eller på skulebussen på tur heim. «Svarting.» «Neger». «Nigga». «Sjokoladekake.»

Me skal ikkje tole rasisme. Ingen former for rasisme. Det hjelper ikkje, slik Havig Berge også peikar på, å seia at ungane ikkje alltid veit kva orda tyder, eller at dei ikkje alltid skjønar konsekvensane av bruk av ord og uttrykk. Ord sårar, råkar og mobbar likevel. Ordbruken er eit uttrykk for haldningar ungane har fått frå ein stad, om det er foreldre, vennekrets eller fritidsaktivitetar. Og dei fungerer effektivt i å definere kven og kva som er innanfor boksen, og dermed også utanforskapen.

Det er viktig at skule og kommune tek fatt i rasismen og opplevingane som blir delt. Difor er det svært gledeleg at kommunestyret i Nord-Aurdal som ei fylgje av kronikken til Havig Berge alt i førre veke vedtok å arbeide med ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Skulen og foreldra er viktig i arbeidet, men det blir også haldningsarbeidet i lag og organisasjonar, og ikkje minst heime ved kjøkkenbordet.

Rektor Rune Halle ved Nord-Aurdal skule seier han i løpet av dei 19 åra han har jobba i skuleverket, har opplevd at språkbruken blir tøffare. Det gjeld rasisme, diskriminering, og av seksuell art, seier han. Det er urovekkjande, og må gripast fatt i som ein del av haldningsarbeidet. Men denne saka gjeld ikkje berre Nord-Aurdal, den gjeld heile Valdres, og alle andre bygdesamfunn som vil skapa levande lokalsamfunn og busetjing i framtida.

Skulen er ikkje åleine ansvarleg. Her har foreldre og andre vaksenpersonar som tek del i barneoppseding, eit ansvar for kva haldningar dei overfører til ungar, for å snakke til ungar om mobbing, trakassering og ordbruk. Havig Berge skriv: «Hovedansvaret ligger på oss foreldre. Det er vi som har ansvar for å videreføre gode holdninger. Og de som sliter med dårlige holdninger bør ta et oppgjør med seg sjøl».

Når ord som «hore», «homo», «jøde», «svarting» blir brukt, er det for å råke ein annan person, uansett kor alvorleg det er meint i den augeblinken det blir ytra. I små lokalsamfunn som i Valdres er det avgjerande at me er opne og inkluderande, at utanforskapet ikkje får lov til å etablere seg og utvikle seg.

Det er trist at det framleis kostar å vera litt annleis. At boksen for korleis ungar og ungdomar skal vera, er så liten. Me har alle eit ansvar for å sikre inkludering og mangfald.

Les også

Jeg tviler på at et barn med to etnisk norske foreldre blir kalt svarting etter en takling på fotballbanen

Les også

Har fått utrolig mange tilbakemeldinger: – Alle er veldig positive

Kommentarer til denne saken