Ingrid Lund til Fagernes for å forelese for foreldre og tilsette: – Ho tek opp eit viktig tema som alle med barn i barnehagealder bør få med seg

KOMMER TIL FAGERNES: Professor i spesialpedagogikk, Ingrid Lund.

KOMMER TIL FAGERNES: Professor i spesialpedagogikk, Ingrid Lund. Foto:

Barnehagane i Nord-Aurdal inviterer til foredrag med Ingrid Lund i Kulturhuset på Fagernes, tysdag 10. mars. Foreldre og tilsette i alle kommunens barnehagar er inviterte.

DEL

FAGERNES: Oppvekstsektoren i Nord-Aurdal har dei siste åra vore med i eit prosjekt som heiter «Inkluderande barnehage og skulemiljø», der fokuset er retta mot god samhandling mellom heim og barnehage/skule, til barnets beste.

Korleis samarbeide

– Barnehagane i Nord-Aurdal er so heldige å få ei av dei beste forelesarane i landet, Ingrid Lund, hit til Fagernes og Kulturhuset, seier Inger Marie G. Bergene og Anne Marit Grøndalen, på vegner av alle barnehagestyrarane i Nord-Aurdal.

Lund er professor i spesialpedagogikk, og tilsett ved Universitetet i Agder. På Fagernes skal ho snakke om temaet "korleis kan barnehagen og foreldre samarbeide for å inkludere alle barn – frå kvar sin innfallsvinkel og saman?".

Foreldre og personal jamstilte

– Ho vil snakke om viktigheita av vaksne som ser barnet. Ho har mange års erfaring med barnehagebarn, og vil kome med gode råd og tankar rundt sårbarheita som dei yngste barna står i – både frå foreldresida og barnehagesida, seier Bergene og Grøndalen.

– Dette – og meir til vil vi få høyre om denne kvelden. Eit svært interessant, vanskeleg og viktig tema blir lyfta opp, og alle som er foreldre til barn i barnehagealder i Nord-Aurdal bør få det med seg, held dei fram.

– Dette er for alle foreldre til barnehagebarna, og dei tilsette i barnehagane i Nord-Aurdal. Her får foreldra og personalet i barnehagane høyre dei same orda, og der er båe partar like viktige og jamstilte, understrekar styrarane, som ynskjer at mange kjem og høyrer på.

Artikkeltags