Gå til sidens hovedinnhold

Innfører tiltak etter at ein voksen og ein skoleelev testa positivt

Det vart fredag stadfesta at ytterlegare to personar et koronasmitta i Vestre Slidre.

VESTRE SLIDRE: «Ein vaksenperson har testa positivt etter innreise den 11. november. Ein elev på mellomsteget har testa positivt den 12. november. Heile klassa blir testa med hurtigtestar heime no».

Slik omtalar Vestre Slidre kommune smittesituasjonen på sine heimesider fredag ettermiddag.

Les også

To skuleelevar smitta – kommunen held koronatelefonen open og minner om smittevernråd

Skulen på gult nivå

Som fylgje av dette, vert det innført tiltak i kommunen.

Dette inneber at skulen i komande veke vil vere på gult nivå.

På legekontoret, Bergtun og sjukeheimen vert det krav om bruk av munnbind. På Plassen skal dei som vitjar staden halde ein meter avstand.

Les også

Halvparten av beboerne på mottaket i Vang koronasmitta

Fylgjar utviklinga

Elles gjeld vanlige smittevernråd om vask og spriting av hender, i tillegg til at ein må halde seg heime om ein er sjuk.

«Kommunen fylgjer utviklinga nøye med tanke på det blir behov for nye tiltak, eller om dei ein har innført kan lempast på», avsluttast innlegget frå kommunen.

Kommentarer til denne saken