Som bildet syner, så er det sett opp markering midt i vegen for å markere farleg hump. (På dette punktet inntrefte ei motorsykkelulykke 17. mai.)

Vi omtala her fylkesveg 2442 (gamle fv. 204) Steinsetbygdvegen. Etter mitt skjønn, så kunne ein godt ha sett opp minst 50 slike.

Fattar ikkje at politikarane på fylkes og statsnivå kan løyve meir pengar for å utbetre kilometervis med dårlege fylkesvegar i heile landet.

Sama anten det er Støre eller Solberg-regjering, så er det 4 feltveg som skal prioriterast. Vi høyrte på Dags. 18, at å byggje ein 4 felts motorveg, kontra ein 3 felt kosta 75 millionar kr meir pr. km.

Kvifor ikkje då byggje 3 felt, og ta dei 75 millionane (pr. km) til å halde ved like dei mindre trafikkerte vegane? Ved eit enkelt reknestykke så ville ein kunne utbetre mellom 50–70 km pr. 1 km 1/4 4 felts.

Det er ekstra frustrerande å sjå at finansministeren (Vedum) sit musestille på kontoret sitt, og ikkje gjør nesten noko med dette.

No bør verkeleg stortingspolitikarane frå Innlandet, vara med å påverke til større vegbevillingar. Det trengst ikkje fleire synfaringar, nå trengst det handling! Berre å nemne, at fleire personar med tilknyting til Etnedal/Steinsetbygda kunne tenkt seg å flytta hit dersom det hadde vore betre veg. Det er distrikta som tapar på slik haldning frå styresmaktene.

Det verkar elles som om at det er enklare for statsrådane å ta med seg milliardane utanlands, enn å bruke dei i eige land. (Solbergregjeringa brukte i si tid på 8 år 282 milliardar på ibistandsmiddlar)

Kanskje utan heilt å ha kontroll på kva dei gikk til.