Proppfullt program på Innovangsjonsdagen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Under mottoet «Vang byggjer Vang» er det klart for Innovangsjonsdag i Vang laurdag.

– Vi har invitert flest mogleg gamle og nye vangsgjeldingar inn til å vera med å gjere opp status for kommunen vår og peike retning for satsingar dei neste åra, fortel styreleiar i Innovangsjon, Solbjørg Kvålshaugen. Saman med Marianne B. Berge, Eli Belsheim, Jurjen van Leeuwen, Halvor Eggen Pettersen, Bjørg Olimb og Anders Hermunstad utgjer ho styret til Innovangsjon som har jobba fram arrangementet.

Idéen om denne motivasjonsdagen vart til etter eit møte med ordførar Vidar Eltun og rådmann Reidar Thune i juli 2017, og styret har i sitt arbeid som overordna mål at Vang byggjer Vang, det vil seie det er vangsgjeldingane sjølv om må gjere jobben for å sikre framtid i bygda.

Snøggmøter og open hall

Dagen startar med eit tilbod til både barnefamiliar og andre som vil aktivisere seg i nye Vangshallen. – Både klatrevegg, basseng og Vangshallen har vorte omfamna av bygdefolket og er mykje brukt. Vi føler det er naturleg å starte dagen med frislepp til leik og moro i anlegget, seier Kvålshaugen. Frå klokka 11 er også etatsleiarar og andre på plass for å «få innspel» frå bygdefolket til arbeidet sitt.

- Ordførar, rådmann, etatsleiar for skule, kultur og integrering, økonomisjef, helse- og omsorgssjef, leiar for frivilligsentralen og sjølvsagt vi i Innovangsjon er tilgjengeleg i foajeen for «snøggmøter» fram til hovudprogrammet startar, fortel styreleiar Kvålshaugen. Vang Kommune har vore svært velviljuge og rause i høve til å få dette til.

Næringsdebattar

Landbruk, bygg og anlegg, handel og turisme samt «nye næringar» skal debatterast under siste del av Innovangsjonsdagen. – Vi har fire panel med tre deltakarar i kvart panel der alle har det felles at dei har satsa i Vang dei siste åra, samstundes som dei har klare tankar om kvar Vang har moglegheiter for vekst framover, fortel Kvålshaugen. Til ein avsluttande debatt om vegen vidare i Vang er Solbjørg Kvålshaugen, Marit A. Kvam, Vidar Eltun, Ingebjørg Vik Laugaland og Mette Rogne på plass.

– Ole og Knut Aastad Bråten er henta inn for å leie dagen. Dei emnar å gje eit blikk utanfrå på det vi held på med i Vang, samstundes som dei har eit hjarte som bankar for bygda. Det vert også ei oppsummering av åra som har gått etter oppstarten av Innovangsjon i 2011.

Lokal festkveld

Sjølvsagt står det mat frå lokale produsentar på menyen under festen på kvelden. – Eg serverer stort sett berre lokalt på Fondsbu, og det er naturleg å gjera det også på Innovangsjonsdagen. Kalv, lam, hjort, fisk, lefse, flatbrød og kurv - alt er produsert få kilometer frå Vangshallen, fortel Solbjørg. Etter lokalmatbuffeten er det klart for quiz, før utflytta vangsgjelding Jogeir Dae Mæland med band spelar opp til dansefest i foajeen.

Artikkeltags