Gå til sidens hovedinnhold

Iren ynskjer å gje gode minner til folk: Opnar butikk i Ryfoss laurdag

Laurdag opnar Iren Vengel Remmen bruktbutikken Mormors skattar i Ryfoss sentrum der skattane spenner mellom dansk design, dameundertøy, porselen og reiskap med ukjent bruksområde. Pluss mykje, mykje anna.

VANG: – Alt som er her er skattar for nokon, og målet mitt her er å dele glede og gode minner med andre, fortel Iren Vengel Remmen.

Laurdag 27. februar opnar ho altså bruktbutikken Mormors skattar i den gamle frisørsalongen i Ryfoss. Bygdesentrumet har med det både frisør, treningssenter, kafé, nærbutikk, bensinstasjon og bruktbutikk.

– Kaffien og kake får du hjå Sara, mens hit kan ein koma for å sjå, prate og sjølvsagt også handle om ein vil det, seier Remmen.

Det er maks åtte i butikken til same tid no i starten grunna smittevernomsyn.

Ope tre dagar i veka

Etter opning laurdag og sundag denne helga er det lagt opp til opning tysdag, torsdag og laurdag i vekene som kjem.

– Vi får sjå det litt an framover. Det kjem på plass ei symaskin etter kvart, og det kan verta ein levande plass for både brukte ting, brukskunst og gjenbruk, fortel Remmen.

Det er også planar om loppemarknad til inntekt for Barnekreftforeininga eit par gonger i året, og både innsamling, lagring og sal av gjenstandar vert sett i system etter kvart.

– Så langt har det vore ei positiv oppleving å starte opp butikken der mange har engasjert seg og bidrege med råd og hjelp. Særleg har Inger Hovengen vore til enorm hjelp, og nokre av bileta hennar får plass på veggen til opninga, fortel Remmen.

Kommentarer til denne saken