Gå til sidens hovedinnhold

Island i ord og bilete

Artikkelen er over 2 år gammel

Kapasiteten var igjen på bristepunktet, men stemninga særs god, då 100 stk frå heile Valdres kom til Vang folkebibliotek/Vang frivilligsentral sist tysdag.

Vang: Sagaøya Island var temaet, Oddvin Almenning sto for bilete og reiseskildring, og Carl Philip Weisser song og las frå den islandske sagalitteraturen. Vi fikk møte barske menn og vel så barske kvinner i sagaene etter Egil Skallagrimsson og Gunnar frå Lidarende, og høyre vare salmar og kvad. Akkompagnert av bilete frå den storslagne naturen gav nok denne kvelden mange lyst til å oppleve Island, enten gjennom å reise eller gjennom å lese!

Kommentarer til denne saken