Gå til sidens hovedinnhold

Ja til folkerøysting om Innlandet fylke

Hedmark og Oppland vart slått saman med tvang. I seg sjølv er det grunn god nok til å halde folkerøysting om fylket framleis skal eksistere.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Det bryggjer opp til storkonflikt om framtida for Innlandet fylke. Senterpartiet har gått til val på å oppløyse tvangssamanslegne fylke, og har vore raskt ute med å krevje folkerøysting om Innlandet skal splittast opp att i Oppland og Hedmark. Regjeringskamerat på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, Arbeidarpartiet, verkar derimot ikkje særleg lysten på skilsmisse. I ei fersk innstilling til representantskapet i Ap seier partiet ja til vidareføring av Innlandet fylke og nei til folkerøysting.

Les også

Et fylke tettere på

Leiar i Oppland Senterungdom, Marit Andrisdotter Kvam frå Vang, peikar i avisa GD på samarbeidsavtalen mellom Sp og Ap. Her står det at fylkestinget på nytt skal ta stilling til å oppløyse Innlandet om det kjem eit initiativ frå Stortinget om oppløysing av samanslegne fylke. At Ap no ser ut til å gå hin vegen, får Kvam til å lure på kor lenge samarbeidsavtalen på fylkesnivå kan vare.

Å oppløyse eit samanslege fylke er på langt nær like lett som å tvangssamanslå fylka. For Innlandet ynskjer Senterpartiet at det blir halde ei rådgjevande folkerøysting. Blir resultatet av folkerøystinga fleirtal for oppløysing, må fylkestinget vedta å søkje Kommunal- og distriktsdepartementet om å få splitte opp Innlandet. Søknaden må sendast innan 1. mars 2022, og det er Stortinget som til slutt avgjer.

Les også

Nær uavgjort om fylkesskilsmisse

Overfor NRK sår Ap-politikar Håvard Sagbakken Saanum tvil om kor gyldig ei folkerøysting vil vera, sidan ein ikkje veit kor stor valdeltaking ein ville få ved «en slik folkeavstemning». I seg sjølv er det nesten eit argument for oppløysing om folk ikkje bryr seg om Innlandet. I det minste burde Saanum og dei andre fylkespolitikarane som vil halde på Innlandet stille seg sjølv spørsmål om kvifor.

Innlandet manglar ei sams offentlegheit der me kan diskutere utviklinga av fylket, fordeling og politikk. Det er ingen aviser i Innlandet som dekkjer heile fylket, og kvar for oss blir nok lokalavisene for opptekne av våre eigne regionar til heilt å gripe fatt i fylkespolitikken. I kampen om den lokalpolitiske dagsorden blir eit fylkesting med inaktive fylkespolitikarar «langt borte» taparen, og ein kan spørje om det passar fylkespolitikarane best.

NRK Innlandet fungerer ikkje godt nok, heller, som utgangspunkt for kritisk journalistikk om kva som går føre seg på fylkestinget. I det heile er fylkespolitikarane usynlege, bortsett frå eit lesarinnlegg i ny og ne.

Fylkespolitikarar som insisterer på å halde på Innlandet fylke bør ta seg ei runde fyrst: Kjenner de godt nok til heile fylket og kva utfordringar som finst i kvart distrikt?

Kommentarer til denne saken