Vestre Slidre: I fjor haust avlyste kommunestyret planen om å byggje gang- og sykkelveg heilt nord til E16 med utgangspunkt i at anboda vart langt høgare enn forventa. Kostnaden for dei 1,5 kilometer ville bli 15 millionar kroner.

Billegare løysing?

I januarmøtet i formannskapet vart det stilt spørsmål ved om ein kunne finne alternative og billegare måtar å byggje på.

Ove Hamre, prosjektleiar for ulike byggjesaker i kommunen, meinte at dette kunne vere muleg, med eit tett samarbeid med interesserte entreprenørar.

Rådmannen vart bedt om å leggje fram ei ny sak om dette for kommunestyret, så snart råd.

6,5 millionar for 750 meter

Til møtet forrige veke låg det på bordet eit skissert alternativ med kostnad på rundt 6,5 millionar kroner for gang- og sykkelveg frå Slidredomen til Ølkenkrysset. Dette er om lag 750 meter.

Det vil truleg koste 3 millionar meir å byggje heilt ut til E16 ved Hausåkersletta, for å binde saman med gang- og sykkelvegen vidare nordover.

Til Ølkenkrysset

Ola Rogn sa seg inhabil i saka, som grunneigar i området.

Kommunestyret vedtok å byggje gang- og sykkelveg langs Vøllavegen, i fyrste omgang fram til Ølkenkrysset.

Dei løyver inntil 6,5 millionar kroner, noko som blir finansiert gjennom auka låneopptak. 14 røysta for framlegget, 1 røysta imot.