Vil ha fyr i Rolandsgard på Jaslangen

Hekla Stålstrenga kjem til Jaslangen. Og har skumle planar for platedirektør Frode Rolandsgard. Foto:Brynjar Erdahl

Hekla Stålstrenga kjem til Jaslangen. Og har skumle planar for platedirektør Frode Rolandsgard. Foto:Brynjar Erdahl Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Friske nordlendingar i Hekla stålstrenga fyller fjellheimen med ein herleg miks av folkemusikk, viser og pop og inviterer platedirektør Frode Rolandsgard til nordlandspols.

DEL


-Utekonsertar i heilt spesielle omgivelsar som dette er minner for livet. Eg gleder meg til heilskapsopplevinga og gjett om det skal nytast, seier frontfigur og vokalist i Hekla Anne Nymo Trulsen.

Det har blitt ein tradisjon med konsert på Jaslangen under Jørn Hilme-stemnet. Frå år til år har publikumstalet auka og i 2017 var kom det fleire folk på konserten enn innbyggjartalet i Vestre Slidre. Heile 2 800 glade lyttarar satt i lyngen og høyrde på folkekjære Odd Nordstoga.

Platedirektørdans?

Hekla stålstrenga er godt kjende med Valdres sidan plateselskapet deira, Ta:lik, har hovudkontor i Lomen. Saman med Ta:lik er gruppa nominert til spellemannspris fleire gonger og Hekla, som dei kallast på folkemunne, er det mestselgande bandet til det lokalet plateselskapet.

-Eg ser frem til at platedirektøren vår Frode Rolandsgard, skal ta på seg sin finaste stas og danse nordlandspols til låta «Mannen og kona» på scena saman med oss!, fortsett Trulsen.

-Når eg har vore i Valdres så har været vore heilt sinnsykt bra, og det ser eg frem til med konserten vår på Jaslangen 10. juli, steikandes varmt og bading rett etter konsert, avsluttar ho.

Har du fyr?

Hekla stålstrenga har vorte ein del av den nasjonale viseskatten og er kjærkome musikk på nasjonale radiokanalar. Til sommaren kjem dei til fjells med gamle og nye slagarar med tekstar av Tove Ditlefsen, Jon Fosse, Robert Burns og Inger Hagerup. Vi gleder oss til å høyre «Har du fyr?» og «Båtbygger Jo» smyge seg rundt i fjellheimen.

Artikkeltags