Før jul sørga regjeringa og støttehjulet Frp for at tingrettane på Gjøvik, Fagernes, Vågåmo og Lillehammer blir slått saman til berre ein tingrett. Jordskifterettane på desse tre siste stadene blir òg slått saman. Eitt av argumenta for tidenes sentralisering av norske domstolar var at det visstnok var rekrutteringsproblem til dei små domstolane. Dette påstod dei sjølv om det har variert veldig kor lett det har vore å få tak i folk både ved små og store domstolar.
Kor mange søkarar var det så til stillinga som domstolsleiar i den nye, slegne saman Vestre Innlandet tingrett, no som rekrutteringsproblema skulle vera over? Berre to faktisk. Det er dagens sorenskrivarar i Gjøvik og Valdres som har søkt stillinga. Berre to søkarar er det til stillinga som jordskifterettsleiar i Oppland. Ved den eine samanslåtte domstolen etter den andre landet rundt har det vore svært få reelle søkarar.
Fordi det var mykje motstand mot sentraliseringa i haust, kom regjeringspartia og Frp med mange lite gjennomtenkte lovnader. Dei hevda mellom anna at alle domstolar skulle bestå sjølv om det vart mange samanslåingar. Totalt blir 42 domstolar «berga» og gjort om frå sjølvstendige domstolar til underavdelingar under nye, samanslåtte domstolar. For å prøve å leggje innhald til denne usannheita hevda dei at dei nye domstolane ikkje skal ha eit hovudsete.
For Oppland sin del, betyr det at domstolsleiaren i tingretten må pendle mellom Fagernes, Gjøvik, Vågåmo og Lillehammer. Det skal vel ikkje så mykje fantasi til for å forstå at 3 av 4 stader i all hovudsak blir utan domstolsleiar store deler av tida når vedkomande som får stillinga allereie bur i Gjøvik eller Valdres. Dersom den nye domstolsleiaren skal vera på reisefot stadig, vil dette sjølvsagt vil vera svært dårleg bruk av tid og ressursar. Det er ein grunn til at vi i Senterpartiet ville at alle domstolane skulle fortsette å eksistere med stadleg leiing.
Regjeringspartia og Frp hevda vidare at færre sorenskrivarar betyr at dei som ikkje lenger har ein domstol å vera leiar for, skal gjerast om til ordinære dommarar i praksis, men behalde tittelen. Dermed skal dagens sorenskrivarar som ikkje held fram som domstolsleiarar bli løna som leiarar utan å vera det. I tillegg går den nye domstolsleiaren for nye Vestre Innlandet tingrett opp i løn grunna fleire tilsette. Dette blir kostbart. Desse prinsippa gjeld òg for jordskifterettane.

Ein mann og ei kvinne vil bli domstolsleiar i ny rettskrins
Regjeringa og Frp påstår at dei nye domstolsleiarane skal reise rundt mellom rettsstadene. Slik går dei inn for at landets domstolsleiarar blir svært dyre pendlarar som skal leie tilsette på opptil fire ulike stader samtidig.
Det ironiske oppi alt dette er at domstolsreforma med alle samanslåingane blir køyrt gjennom på svært, svært kort tid for at regjeringa skal rekke å få endringane gjennom før stortingsvalet til hausten. Reforma blir sett i verk i månadsskiftet april/mai. Medan folk, offentlege etatar og næringsliv i landet elles må forhalde seg til ein pandemi og ha så lite reiseaktivitet som mogleg, legg regjeringa opp til unødvendig mykje reising mellom domstolane.
Vi i Senterpartiet vil bruke dei moglegheitene som finst for å reversere endringar som medfører lengre avstandar. Vi meiner det ikkje er greitt at innbyggjarar og næringsliv får dei økonomiske og tidsmessige ulempene ved stadig sentralisering.
Domstolsreforma er ei av mange store og sentraliserande endringar som regjeringa og støttehjulet FrP har stått bak i snart åtte år. Vi i Senterpartiet vil straks gjenopprette dei tingrettane og jordskifterettane som regjeringa snart legg ned dersom vi kjem i regjering frå hausten av. Det vil vera eit enkelt grep å gjeninnsette dei same domstolsleiarane om dei framleis vil ha jobben. Den vesentlege føresetnaden for alt dette er imidlertid eit regjeringsskifte der Senterpartiet sit med ei sterk hand på roret.
Jenny Klinge og Marit Knutsdatter Strand, stortingsrepresentantar, Sp

– Vi er glade for at domstolene er tilgodesett med 170 millioner i årets statsbudsjett

- Valdres tingrett består! Domstolene styrkes med rekordhøye 170 millioner kroner i 2021, sier Vegard Riseng (H)
