Eg var gardist i 3. gardekompani og me hadde slottsvakt joleeftan. Eg sto i den fine gardeuniformen, med hatt med dusk, utanfor slottet jolekvelden. Der høyrde eg kyrkjeklokkene ringde jola inn. Framfor slottet sto me to gardistar, med gevær på aksla, og heldt vakt for Kongen.

Me sto på kvar vår side framfor hovudporten til slottet. Me gjekk att og fram, men innimellom sto me stille framfor kvart vårt skilderhuset. Sidan me var to måtte me ha eit system på korleis me skulle gå. Den som sto på høgre sida med ryggen til slottet hadde styringa. Når han slo hælane saman gjekk begge eit steg fram, snudde til venstre og gjekk i takt eit passeleg stykkje. Når me skulle snu svinga den som gjekk fremst høgre armen ut til sida og me snudde i takt. Så gjekk me eit stykke andre vegen, og prosedyren var den same.

Når me syntest at me hadde gått lenge nok, svinga den som gjekk fremst armen sin ut til sida to gonger og me snudde og gjekk i takt attende, og stogga utanfor kvart vårt skilderhus. Der sto me til me tok ein ny tur, eller det var vaktbyte. I fritida var me i eit vaktstova som står til høgre for slottet. Der fekk me mat og drikke og sov om natta.

Sidan det var jol fekk me litt ekstra god mat. Men me fekk ikkje jolegåver frå Garden. Ut på kvelden kom det ein utsending frå slottet til vaktstova. Han hadde med seg jolegåve frå Kongen! Me syntest det var sers kjekt, at Kongen tenkte på oss, som heldt vakt for han joleeftan! Me var sjølvsagt spente på kva Kongen ville gje oss i jolegåve.

Kva me fekk? Me fekk ei eske med sigarar på deling! Gåva vart utdelt, ein sigar til kvar av oss! Eg røykte ikkje, men eg tok mot min sigar, som eit minne! Eg tok vare på sigaren, og hadde den liggjande. Etter som tida gjekk turka den og smuldra opp i sine einskilde bestanddelar, og vart borte.

No er det jol igjen, og då minnast me gjerne jol i farne tider. Eg kom då til å minnast ein jolekveld på slottsvakt for 70 år sidan, då eg fekk jolegåve frå Kongen. Det er nok ikkje mange som kan skryte av at dei har fått jolegåve får Kongen!