Hel­ga Myhr kjem til Vald­res og presenterer si nye plate

Til Valdres: Helga Myhr er hardingfelespelar og songar frå Ål i Hallingdal. Ho er ein sterk tradisjonsbærar innanfor solo hardingfele og improviserar seg ofte gjennom dei spesielle slåttane og songane frå heimtraktene.

Til Valdres: Helga Myhr er hardingfelespelar og songar frå Ål i Hallingdal. Ho er ein sterk tradisjonsbærar innanfor solo hardingfele og improviserar seg ofte gjennom dei spesielle slåttane og songane frå heimtraktene. Foto:

Hilme Året Rundt har gle­da av å pre­sen­te­ra Hel­ga Myhr som kjem til Vald­res med ry­kan­de fersk pla­te. Fre­dag 25. ok­to­ber kjem ho til Fa­ger­nes.

DEL

Vald­res fol­ke­mu­se­um: – Hil­me Året Rundt har gle­da av å pre­sen­te­ra Hel­ga Myhr som kjem til Vald­res med ry­kan­de fersk pla­te. Den­ne vart spelt inn på stø­len på Vald­res fol­ke­mu­se­um i som­mar, med lyd­meis­ter Au­dun Stry­pe bak spa­ka­ne og Tuva Sy­vert­sen som pro­du­sent. Rett og slett eitt su­per­lag, for­tel urs og ar­ran­ge­ments­an­svar­leg i Vald­res fol­ke­mu­sikk­ar­ran­ge­ment, Frank H. Rolland.

– Vi går ik­kje heim et­ter kon­sert ein fre­dags­kveld, vi ryd­dar sa­len og Vår­flau­men spel- og dan­sar­lag stiller med spe­le­menn og byr opp til dans, legg Rolland til.

Frå Hal­ling­dal

Hel­ga Myhr er har­ding­fe­le­spe­lar og son­gar frå Ål i Hal­ling­dal. Ho er ein sterk tra­di­sjons­be­rar in­nan­for solo har­ding­fe­le og imp­ro­vi­se­rer seg ofte gjen­nom dei spe­si­el­le slåt­ta­ne og son­ga­ne frå heim­trak­te­ne.

Ho har til dø­mes gje­ve ut to kri­ti­kar­ros­te pla­ter med vo­kal­grup­pa "Kvedarkvintetten" og i vår kom de­but­al­bu­met til fol­ke­mu­sikk­ban­det "Mor­gon­ro­de". No er ho her med sitt fyrste so­lo­al­bum, "Nat­ten vel­ler seg ut", på pla­te­sel­ska­pet Mot­vind Re­cords.

Ar­ran­ge­men­tet er i sa­mar­beid med Vald­res­mu­sea.

Artikkeltags