Gå til sidens hovedinnhold

Jul med Margit med meir

Det er mykje førjulstri og fleire og fleire julehefte, omtrent 50 i alt. Eitt av hefta heiter Jul med Margit Sandemo.

Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Nokre av julehefta er i klassisk norsk julehefte-tradisjon: Dei gode gamle Smørbukk, Tuss og Troll, Vangsgutane, Nr. 91 Stomperud, og den gode nye Flåklypa. Men det er ein tradisjon under utvikling.

Det er fleire år sidan Håkon Aasnes fornya Smørbukk med snakkebobler. Flåklypa-forfattar Haakon W. Isachsen har fornya den norske juleteikneserien med moderne teikneserie-formspråk kombinert med bygdehumor. Skal tru om barndom i Vestre Slidre og sumaropphald i Vang kan ha inspirert han. Dessutan har han lang erfaring som teikneserie-forleggar i forlaget Egmont.

I år er det såpass som sju Donald-hefte til jul. Blant hefta elles finst det sjølvsagt gamle travarar som Blondie, Fiinbeck og Fia, Knoll og Tott. Som vanleg er det to Knoll og Tott-utgåver, men berre den eine heiter Knoll og Tott. Den andre heiter Kapteinens jul. Dei er på kvart sitt forlag, med kvar sine opphavsrettar. Kapteinens jul er på Vigmostad & Bjørke. Knoll og Tott er på Egmont, som er det største julehefteforlaget med 30 hefte.

På det nest største julehefteforlaget, med det lange namnet Bladkompaniet, Vigemostad & Bjørke, finst det to julehefte med Valdres-vri. Det eine er Jens von Bustenskjold, forfatta av etnedølen Sigurd Lybeck. I årets hefte driv kallane i Oladalen med papirinnsamling – med forviklingar. Det vart innført papir-rasjonering under andre verdskrigen. Og slik rasjonering var det heilt til 1952. Den episoda i årets hefte som tek for seg papirinnsamling gjekk i Magasinet for Alle i 1953.

Og trur du ikkje det då, at Myrenggubben har slått Plassbakkallen så hardt i hausen med krokstaven sin at han fann det best å rulle den gamle hedningen inn i nokre tomme papirsekker. For er han død eller levande?

Eit anna julehefte frå Bladkompaniet er det som heiter Jul med Margit Sandemo. Margit budde store delar av livet i Valdres og sette spor etter seg der, både sosialt og litterært. Sonen Bjørn minnest jula heime saman med foreldra Margit og Asbjørn og dei to søskena:

«Jula var gøy. Jula var fest, gaver og god mat. Men levende juletre kunne Margit gjerne avstå fra. Derimot satte Margit pris på julens goder. Hun kunne ikke fordra å lage hverdagsmat. Det måtte mannen, Asbjørn, ta seg av. Men festmat laget hun gjerne. Og hun var flink til å lage god mat (når hun ville).»

Sonen Bjørn fortel at det Margit likte best av alt i matvegen, var å laga dessert. Særleg hugsar han sviskesuffleane hennar. «De var himmelsk gode». Men dessverre kom Asbjørn i skade for å brenne oppskriftboka som til slutt berre var ein haug med fillete ark.

Det er ikkje så mykje Margit sjølv skriv i juleheftet. Forlaget har tøygd Margit-effekten langt for å fylle eit hefte med Margit-poeng og gamaldags jul. Onkelen hennar skriv om slotts-jul i Sverige. Og det er oppskrifter på godsaker Margit likte å laga.

Men i eit fyndig sitat fortel ho tydeleg kva ho meiner om juletre: «Jeg kaller julen Det store granmordet.»

Så må vi ikkje gløyme vårt lokale julehefte Jul i Valdres. Kirsten Inga Kamrud har gjendikta det lange diktet som Amanda Gorman las då Joe Biden vart innsett som president i USA i januar. Brit Ragnhild Noraker er årets kunstnar. Og elles er det lite tå kort for store og små, mellom anna annonsar på rim.

Kommentarer til denne saken