Julegeit i Skrautvål blir diskutert på Facebook

Heime hjå Magnhild og Øivind Langseth i Skrautvål har dei henta fram ei julegeit som bestefar hennar, Gunnar Skrautvol (1891-1968), har laga - kanskje før krigen ein gong. Dei prøver no å samle meir av historia rundt julegeita.