Odd fekk den fyrste julegleden i år

Fortent: Årets fyrste juleglede går til Odd Nyhagen frå Fagernes.

Fortent: Årets fyrste juleglede går til Odd Nyhagen frå Fagernes.

Av

Avisa Valdres vil også i år dele ut julegleder til hjelpsame kvardagsheltar. Påskjøninga blir delt ut med jamne mellomrom i desember. Den fyrste julegleda i år, går til Odd Nyhagen på Fagernes.

DEL

FAGERNES: Det er ein nabo som har tipsa avisa om at Nyhagen fortener ei juleglede. Tipsaren seier at Odd Nyhagen hjelper naboane sine med å måke snø, anten dei er gamle eller unge, og om sumaren klipper han plenen og trimmar buskene i hagane deira. Dessutan legg han om hjul på bilane til fleire av naboane sine, og ser han ein bil som har bruk for ein vask, ber han om å få låne bilnøkkelen. Så køyrer han bilen inn på gardsplassen sin, der han får ein omgang både med støvsugaren og hageslangen.

Refleksfigur

Elles lagar han lyslykter til borna, og han har jamvel laga ein liten figur som han har sett opp i vegkanten, som er utstyrt med refleksvest og refleksauge.

Slik blir dei som køyrer forbi minna om at det er små born i området, noko som har ført til at dei køyrer saktare.

Påminning: Odd Nyhagen har laga ein liten figur som han har sett opp i vegkanten, som er utstyrt med refleksvest og refleksauge. Slik blir dei som køyrer forbi minna om at det er små born i området, noko som har ført til at dei køyrer saktare

Påminning: Odd Nyhagen har laga ein liten figur som han har sett opp i vegkanten, som er utstyrt med refleksvest og refleksauge. Slik blir dei som køyrer forbi minna om at det er små born i området, noko som har ført til at dei køyrer saktare Foto:


Glad mottakar

Hovudpersonen sjølv synest det er triveleg å få ei slik påskjøning.

– Det er hyggeleg å bli lagt merke til, og at det eg gjer blir verdsett, seier Odd Nyhagen.

Han fortel at det å gjere andre ei teneste berre er ei glede, og at det ofte ikkje er så mykje som skal til.

– Til dømes er eit par av naboane mine enker, og kanskje ikkje så spreke til beins lenger. Sidan eg likar å gå ein tur tidleg om morgonen, plukkar eg med meg «vallersen» når eg går forbi postkassene til enkene, og legg ho på trammen deira. Dette kostar meg ingenting, og er både ei glede og sjølvfølgje å gjere, seier Nyhagen.

Odd Nyhagen avsluttar med å seie at han for nokon år sidan bestemte seg for å gjere minst ei god gjerning kvar dag.

– Og det er ingen sak når ein har så gode og snille naboar, bedyrar han.

Les meir om Årets julegleder

Juleglede til ein kvardagshelt

  • Vi ønsker å heidre dei mange kvardagsheltane som gjer ein «stille» innsats for medmenneske i Valdres.
  • Veit du om ein person som gjer ein innsats for andre?
  • Send ein e-post til redaksjonen@avisa-valdres.no eller bruk tipslappen du finn på personaliasida i avisa.
  • Skriv utfyllande om kva vedkommande har gjort og telefonnummer til både tipsar og kvardagshelt.

Artikkeltags