Gå til sidens hovedinnhold

Julegrantenning på Fagernes

30. november 2019, kl. 22:57

Det var strålande flott vintervêr og mange frammøtte, då julegrana vart tent på skiferplassen på Fagernes. Før fakkeltoget gikk i veg, fekk alle som ynskte det utlevert fakkel. Jan Stundal leda det heile frå Skiferplassen. Steinar Erland Bakken stilte med hest og vogn, og dei leda fakkeltoget frå Skiferplassen, opp Gullsmedvegen, og tilbake til Skiferplassen. Undervegs stilte hornmusikken frå Ulnes opp langs løypa og supplerte med fin musikk. Då toget kom tilbake vart juletreet tent på Skiferplassen, og oppe på Kviteberg. Dei frammøtte fekk høyre munnharpelåt, og så kom nissen med pakker med godt i. Julegrantenninga vart avslutta med fyrverkeri, og så går vi inn i advent med håp om ei fin jul.