JVB-kveld flytt til Kulturhuset for å lettare kunne overhalde smittevernreglane

Vennelaget for Valdres Folkemuseum har vedteke å flytte medlemskvelden torsdag 12. november frå museet til kinosalen i Kulturhuset på Fagernes. Dette for lettare å kunne overhalde smittevernreglane ved stort frammøte.

DEL

FAGERNES: – Det har vore stort frammøte på fleire av møtene på museet i haust, seier Torodd Lybeck.

– Vi reknar med ekstra stor interesse for medlemskvelden der Kristoffer Kvame og Ola Kristian Hegge kjem for å kåsere om historia til JVB og syne fram historiske bilete.

AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap markerte 100-årsjubileet sitt i fjor, mellom anna med å gje ut ei bok om jubileet. No kjem altså Kvame og Hegge for å fortelja om historia til eit rutebilselskap litt utanom det vanlege. Det har ikkje berre gått på hjul, men har òg ei stolt historie å vise til på belte og kjøl inn i Jotunheimen. På det meste var ikring 130 personar tilsette i JVB. Kor mange som har stått på lønningslistene åt selskapet alt i alt gjennom dei 100 åra, er det neppe nokon som har oversyn over.

Medlemskvelden er open for alle, men medlemmer går gratis.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken