Gå til sidens hovedinnhold

Kamp om vaksinane

Det er urovekkjande at kommunane ikkje er informerte om færre vaksinar.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Måndag ettermiddag kunne avisa Valdres avsløre at kommuneoverlegane i Valdres ikkje var informerte om at dei får færre vaksinar enn planlagt i veke 2, 3, 5 og 6. Helsepersonell på sjukehusa skal vaksinerast, og det tyder færre vaksinar til eldre rundt om i landet. Det er bra at helsepersonell får vaksine. Det som ikkje er bra, er at sentrale styresmakter nok ein gong feilar i informasjonen til kommunane.

Eit anna spørsmål som har vore mykje debattert den siste tida, er om det rett at små utkantkommunar får nokre fåe vaksinar, når det er «byane som treng dei mest».

Dette spørsmålet har vorte brennheitt dei siste dagane. Årsaka er sjølvsagt at Noreg per no har fått tilgang til svært få vaksinar. Samanlikna med ein del andre land, har vi vaksinert ein liten del av innbyggjarane.

Når vaksinen som førebels har kome til Noreg er avhengig av god kontroll på oppbevaring, kunne det vore meir effektivt å vaksinere storbyane fyrst; Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Er det fyrst ei smittebylgje i storbyen, blir tala på smitta fort høge.

Likevel: Det er god distriktspolitikk og godt smittevern å vaksinere folk også i distrikta. Dei som tek til orde for at storbyane skal få vaksinane fyrst, ser ut til å ha gløymd at landet i dag er annleis enn før. Sjølv med koronarestriksjonar er vi ikkje så stadbundne lenger.

Å hevde at storbyane må få fyrste- og andrerett på vaksinane, er difor ei gamaldags haldning. Storbyen sine innbyggjarar reiser på hytta ved kysten, eller til fjells, og kan dermed frakte med seg smitte. Vi samverkar på tvers av kommunegrenser og regionar. Førebels veit vi heller ikkje sikkert om ein person som er vaksinert, kan bli smitta av covid-19 og dra med seg smitten vidare. Det gjer at også eldre personar og andre i risikogruppene er utsette for smitte, sjølv om dei bur på bygda.

Det er heller ikkje lett å spå kvar smitta kjem neste veke, noko smitteutbrotet i Sør-Aurdal minna oss om i førre veke. Fleire kommunar i Innlandet har periodevis hatt høgt smittetrykk. Med felles arbeids- og bumarknad gjer det at også småkommunane rundt bykommunane i Innlandet kan vera utsette for auka smitte.

Per 7. januar var 17.377 personar vaksinerte med fyrste dosen av koronavaksinen, ifylgje tal frå Folkehelseinstituttet. Fleire vaksinar kjem etter kvart. I prioriteringane over kven om som skal få vaksinen fyrst, er personar som bur på sjuke- og aldersheimar og eldre menneske øvst.

Vi meiner det er bra at regjeringa også har lagt smittevernomsyn og vern av risikogrupper i distrikta til grunn i utarbeiding av ein vaksineplan. Mange kommunar, som her i Valdres, har også på kort tid snudd seg rundt og klart å få på plass ein infrastruktur kring vaksineringa. Førebels er 97 personar vaksinerte i Valdres. Eldre folk og helsepersonell i distrikta har krav på like godt smittevern som dei i storbyane.

Kommentarer til denne saken