Dei blå kreftene ville i utgangspunktet legge ned heile fylkesleddet, og var klar på at fylkesreformen ikkje var deira fyrste valg. Men i eit politisk kompromiss ser mange «interessante» og dårlege løysingar dagens lys. Dei tidlegare Ap/Sp-baserte fylka i Hedmark og Oppland var i tillegg klart mot regionreformen, og mot å avvikle dei to tidlegare fylka.

Arbeiderpartiets gruppeleiar i Oppland, Anne-Marte Kolbjørnshus var under prosessen klinkende klar i media: «Vi mener at både Hedmark og Oppland står seg best som egne fylker og en Arbeiderpartiledet regjering vil aldri gjennomføre denne reformen». No har dei leiande stemmene i Ap snudd, og saman med Høgre skapt ein allianse i kampen for det ingen av dei i utgangspunktet ville ha.

Spørsmålet er kvifor vi har dei fylkes- og kommunegrensene vi har, eller hadde. Storleiken på eit fylke eller kommune skal vera hensiktsmessig for å yte tenester, samt ivareta demokratiet i eit definert geografisk område. Vart Innlandet fylkeskommune eit slikt geografisk hensiktsmessig fylke for folket i heile fylket og for det utøvande demokratiet?

Regjeringa Støre har i Hurdalsplattformen opna for å kunne løyse opp Innlandet fylkeskommune, og gå attende til dei to tidlegare fylka Hedmark og Oppland. Hurdalsplattformen seier: «Tiden for overkjøring av lokalsamfunn er over. Ingen kommuner eller fylker skal oppleve verken tvang eller press om å slå seg saman». Regjeringa har også vore tydelege på at dei tek det økonomiske oppgjeret etter ein eventuell «skilsmisse». Det vil dermed ikkje belaste innbyggarane i Hedmark og Oppland vesentleg å reversere sjølve prosessen.

Når det gjeld den langsiktige fylkeskommuneøkonomien seier Hurdalsplattformen: «Vi skal gå gjennom fylkeskommunenes inntektssystem, når fylkesstruktur er avklart». For meg blir det ikkje relevant å bruke det økonomiske argumentet for å ha så store fylke som regionsreforma la opp til. Blir fylke uhensiktsmessig store oppstår det også økonomisk ulempe.

Sp har fått fleirtal i Innlandet fylkesting for folkeavstemning i saka. Ein lilla allianse med H og Ap var tydleg imot å høyre folket, og bruker mykje energi til å prate ned ei folkeavstemning. Folkeavstemning har vore brukt hundrevis av gonger i dette landet, og kanskje mest om kommune- og fylkestilknyting.

Eg tenkjer at det er dei mange hundretusen som bur i Innlandet som bør ta stilling til sin eigen fylkesidentitet. Dei er ikkje dårligare rusta enn dei 57 folkevalde på fylkestinget i å vurdere slike spørsmål. Fylkestinget er ikkje eit elitestyre, men eit folkestyre.

Kompleksiteten i saka er der i høgste grad. Vurderingane er ikkje svart-kvitt, men vi må ta eit val. Fyrst må folket stemme i den rådgjevande folkeavstemninga før Innlandet fylkesting avgjer saka. Det er mange moment i vurderinga om vi skal løyse opp att Innlandet fylkeskommune, som i praksis framleis er under etablering. Vi må tenkje gjennom kva problem ei reversering eventuelt kan medføre. Eller er det i realiteten like «uproblematisk» som då vi løyste opp det etablerte Hedmark og Oppland med tvang?

Sentraliseringstanken som regionreforma er tufta på blir no vurdert opp mot ei reversering, og kva som vil tene folket som bur der på ein god måte. Er færre folkevalde i forhold til befolkninga ein fordel eller bakdel? Er færre folkevalde i høve til det administrative nivået rett i den folkevaltmodellen vi har i Noreg? Er ein sentraladministrasjon som sit lenger frå mykje av befolkninga i stand til å sjå alle områda av fylket like godt, eller blir det størst fokus på dei geografiske områda som er mest «synlege»?

Får vi likskap med dei gamle forvaltningane etter ei eventuell oppløysning? Korleis fordeler vi dei store utgiftene som er tenkt brukt på fylkeshuset på Hamar, dersom Innlandet blir oppløyst? Er ei fylkeskommune på storleik med Danmark meir eller mindre attraktiv som arbeidsgjevar mot ei mindre fylkeskommune?

Får vi attende ein felles tenleg vegadministrasjon med Statens vegvesen som vi hadde tidlegare? Vil Hadelandsregionen samla seg att til Oppland, eller forsøke lykka i eit mest sannsynleg oppløyst Viken? Opplever vi Innlandet som ein god samfunns- og utviklingsaktør for heile Innlandet, eller følte vi oss meir sett i dei gamle fylkesinndelingane?

Stemmeretten din er ein rettigheit du no bør gjera deg nytte av. Kva du bør stemme er avhengig av kva du vektlegg av fakta og eigne vurderingar. Det du meiner er rett er di viktige stemme i spørsmålet.