Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Utan vesentleg betringvil det på sikt kunne bli svært krevjande å skaffe habile søkjarar når kommunar og anna næringsliv treng å rekruttere nytilsette. Det er for så vidt ei varsla krise. Det har lenge vore store utfordringar med å skaffe nok sjuke- og helsearbeidarar, og også fleire andre bransjar slit med å skaffe tilsette med den rette kompetansen, som til dømes innan barnehagesektoren.
Det er venta at kampen om arbeidskrafta berre vil auke, som også er eit velkjent fenomen i mange europeiske land. I løpet av dei neste tiåra vil andelen eldre i Norge som kan trengje omsorg og pleie i varierande grad, auke formidabelt. Det fordrar fleire hender i arbeid innan helsesektoren, men også innan mange andre område.

Lokal fastlegemangel – mangler vikar til vikariat og berger seg gjennom vikarbyråbruk: – En utvikling vi ikke ønsker
I Valdres har det lenge vore fokus på jobbar med yrkes- og fagutdanning. Det heng saman med at det har vore stor etterspurnad etter tilsette til slike jobbar, mellom anna på grunn av hytteboomen. Difor vart dei unge oppmoda til å bli kokk, snikkar, røyrleggjar, elektrikar, bilmekanikar og så vidare. Mange kunne gå rett frå læretida til godt betalte jobbar lokalt. Det har hatt den konsekvensen at fleire har søkt utdanningsløpet for yrkesfag på vidaregåande.
Det har også betydd at færre lokalt har søkt seg til studiespesialisering, som er naudsynt for å gå vidare med høgare utdanning. Men det har gått i bølger, før dette kunne det vera omvendt, at for få søkte seg til praktiske fag. No er faktum at vi treng båe delar. Vi vil framover trengje folk med relevant yrkesutdanning, og vi vil trengje folk med høgare utdanning for å dekke behovet spesielt innan offentleg sektor.
– Vi treng framover i høgste grad mange slags ingeniørar, fysioterapeutar, lærarar, sjukepleiarar, legar, psykologar, arealplanleggjarar, siviløkonomar og så vidare, alarmerer kommunedirektør i Nord-Aurdal, Martin Sæbu. Nord-Aurdal også har lenge opplevd store utfordringar med å hente inn den rette kompetansen til spekteret av jobbar som rår innanfor kommunesektoren. Kommunen tek no grep for å kapre seg sjukepleiarar medan dei er inne i utdanningsløpet.

Nedgang i søknad på studiespesialisering: – Vi har et fantastisk arbeidsmarked for yrkesfag, men vi trenger også de med høyere utdanning
Det kan bety for dei som slår til, at dei er sikra jobb alt medan dei utdannar seg, og kommunen freistar også med utdanningsstipend. Nye tankar og grep trengst så absolutt. Kampen om arbeidskrafta i Valdres og kommune-Norge vil berre forverre seg. No gjeld det å agere for framtidas arbeidsmarknad – fem, ti, femten og tjue år fram i tid.
Helsevesenet har gjerne vore assosiert med mange små stillingsheimlar. For å freiste unge til å koma heim, trengst opplagt fleire heile stillingar, også fleksibilitet elles med moglegheit for vidareutdanning og avansementsmoglegheiter m.v. Eit resultat av ein avgrensa arbeidsmarknad som Valdres representerer, blir gjerne at det blir ein viss intern konkurranse mellom Valdres-kommunane om arbeidskrafta. I staden for rekruttering utanfrå, byter mange kommune. Det blir på godt og vondt.
Mange forhold spelar inn for å lukkast med å få utflytte valdrisar til å vende heim etter enda utdanning og eventuelt noko arbeidserfaring. Jobb og bustad er kanskje av det mest grunnleggjande: Viktigast av alt no er at dei einskilde kommunane set seg i førarsetet og verkeleg førebur seg på å koma den varsla krisa betre i forkjøpet.