Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Rapporten peikar på at dimensjoneringa av tilbodet på vidaregåande skule i større grad må vere basert på næringslivet sine faktiske behov. Optimalt bør det vere slik at vi utdannar den kompetansen som næringslivet trenger.
Har vi ein slik modell der som gjer at alle vidaregåande skulane kan tilby ei vifte av opplæringstilbod som næringslivet etterspør same kor eleven bur?
Alle som har fullført grunnskulen har rett til gratis vidaregåande opplæring. Vidaregåande opplæring omfattar ti yrkesfaglege utdanningsprogram som leier til yrkeskompetanse med fagbrev og fem studieforberedande utdanningsprogram som leier til studiekompetanse. Fylkeskommunane har ansvaret desse tilboda. Arbeidet med å dimensjonere utdanningstilbodet fylgjer ein omfattande årleg prosess. Det endelege skuletilbodet blir vedtake av fylkestinget.
Finansieringsmodellen skulane skal styre etter er føreseieleg og favoriserer område med tett befolkning. Denne modellen favoriserer vidaregåande skular som ligg i meir urbane strøk, og har fleire ungdommar i nærmiljøet.
• Skulane får tildelt ei budsjettramme basert på talet på elevar 1. oktober føregåande år. Dette er godt tilpassa det talet klasser/elevar skulen har i vårhalvåret. Det er uklart for skulen i kva grad budsjettramma er basert på talet på klasser eller elevar, eller ein kombinasjon av desse? Skulen får ikkje noko informasjon som gjer det mogleg å etterprøve bergingane.
• I november får skulane ei justering av budsjettet basert på talet på elevar per 1. oktober i inneverande år. Skulen får ingen informasjon om talgrunnlaget, altså kor mange elevar som er talde og kva sats som blir brukt per elev. Ved ei auking i elevtalet får skulen auka budsjettet og ved reduksjon i elevtalet blir budsjettet redusert. Skulen må i april/mai planlegge aktivitetsnivået for hausten basert på ei meining om kor mange elevar skulen vil ha 1. oktober. Med det blir det veldig vanskeleg å budsjettere, og ein kan lett legge opp til for høg aktivitet.
• For veldig mange vidaregåande skular vil kostnadsnivået i stor grad vere knytt til kor mange klasser dei har. Ei klasse med 20 elevar er like kostnadskrevjande som ei klasse med 30 elevar. Når budsjettet blir redusert etter elevtal og ikkje etter reduksjon i klasser, så vil det skape størst utfordringar for skulane i distrikta som ikkje alltid har nok elevar til å fylle alle klasser.
Denne måten å budsjettere på er vanskeleg å forstå, og ikkje minst ser ein kor vanskeleg det blir for den vidaregåande skulen å planlegge og gje gode tilbod kvart år. Denne modellen gir skular som ligg i byar og tettbygde strøk mykje betre økonomi, og kan med det tilby mange fleire valfag/programfag og med det eit betre og meir variert opplæringstilbod. Utkantskulane vil slite meir med å få fylt opp klassane, og med denne finansieringsmodellen vil ein kunne miste tilbod.
Det er fleire faktorar som og bør ha noko å seie rundt det å ha likeverdig tilbod uansett kvar du bur:
• Det er billegare for kvar elev å kunne bu heime til dei er ferdig med vidaregåande skule, sjølv med god offentleg støtte (som t.d. bortebuarstipend og studielån)
• Næringslivet ynskjer lokale lærlingar fordi dei oftare fortsett i bedrifta etter at dei har oppnådd fagbrev.
Det er viktig å sikre at alle elevar i vidaregåande skule får eit godt og variert opplæringstilbod i sitt nærmiljø uavhengig av kvar dei bur. Kvaliteten og mangfaldet i studietilboda på den enkelte skule skal ikkje vere styrt og finansiert etter geografi.
Vestre Slidre Sp meiner det er viktig å sikre eit godt og varierte skuletilbod i heile fylke. Dette fører med seg at vi må ha ein finansieringsordning som går på klassefinansiering og ikkje elevfinansiering. For å oppnå det må Innlandet fylke sjå på finansieringsmodellen dei brukar.
Vi må sørge for at vi utdannar ungdom til ein jobb. Då må vi forvente at tilboda tek utgangspunkt i samfunnet sine behov. Dimensjonering av skuletilbodet basert på næringslivet sitt behov bør derfor vere sjølvsagt i alle fylkeskommunar. For at vi skal kunne tilby alle elevar gode og varierte tilbod på si nærskule må finansieringsmodellen evaluerast i forhold til at alle har krav på vidaregåande opplæring. For å ikkje favorisere enkelte område i fylke må finansieringsmodellen endrast. Det handlar om å tilby alle elevar eit god og variert utdanningsløp der det står læreplassar og fast arbeid i andre enden, eller eit godt grunnlag for vidare studie på høgskule/universitet saman med desentraliserte tilbod.
Vestre Slidre Sp ynskjer å ha ei variert og godt opplæring på alle vidaregåande skulane i fylke og i stor grad meir desentralisert høgskuleutdanning gjennom samarbeid med Karrieresentera i Fylket og høgskule/universitet.
• Forsking viser til at når ungdommar bur og fullfører vidaregåande skule lokalt og har tilbod om desentralisert vidareutdanning, har dei lettare for å busetje seg i nærmiljøet når dei etablerer seg som vaksne. På den måten kan også distrikta i større grad sikre fleire kvalifiserte søkarar til ledige stillingar.
Dette viser at vi må tenke langsiktig. Skal vi lykkast som samfunn i åra som kjem med industriell utvikling, det grøne skifte og gode velferdstenester er vi heilt avhengig av gode fagarbeidarar og høgskuleutdanna folk innanfor eit breitt spekter av yrke. Saman med dagens verdsbilde viser det oss at vi treng folk i heile landet til å utføre viktige samfunnsoppgåver, samt skape og ha eit variert og godt næringsliv. Dersom vi ikkje tilbyr geografiske likeverdige tilbod i vidaregåande skule vil distrikta tape.
Opplæringa skal gi elevane ballast til å takle framtidas utfordringar, men også til å meistre livet her og nå. Om vi ikkje lykkast med å skape tryggheit, trivsel og meistring, vil vi heller ikkje lykkast med å førebu dei unge på framtida. Ut frå dette må vi legge til rette for eit variert og godt utdanningsløp for framtida sine arbeidstakarar og då må vi ha eit variert og godt tilbod på alle vidaregåande skulane. Dersom ikkje, kan vi sjå for oss underbemanna offentleg sektor, lite industri og næringsliv samt mange tomme hus både her og der i vårt langstrekte fylke og land.
Så ja, du kan bli kva du vil! Men du må velje blant dei programfaga arbeids – og næringslivet har behov for. Den vifta av programfag meiner Vestre Slidre Sp du bør finne på din nærskule. Då må finansieringsmodellen ikkje finansierast pr. elev, men pr. klasse. Det vil bidra til meir likeverdig tilbod uavhengig av geografi.