Gå til sidens hovedinnhold

Kan politikken famne klimainteresserte bygdisar som et kjøt og køyrer bensinbil?

Finst det rom for klima etter korona? Kor viktig blir klimapolitikk under dette stortingsvalet? Kva rom finst det for å diskutere skilnader i klimapolitikken, som behov for ulike tiltak i bygd og by?

Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eit halvt år før stortingsvalet svevar framleis klimaspørsmålet i bakgrunnen av koronapandemien. Ved dei to siste vala har klima og distrikt vore dei to store sakene. Kvar står og går norsk klimadebatt no, rett før Stortinget skal vedta klimameldinga?

Det har knapt vore vanskelegare å argumentere for at oljealderen må ta slutt som no. Vår oljefinansierte velferd har vorte svært tydeleg under koronakrisa, og kva det har kosta av oljemilliardar for å redde norsk økonomi. Vil det bli nok pengar til grøn omstilling, og kva slags grøn omstilling skal ein støtte?

I staden for dei store spørsmåla om kva me skal leva av i framtida, og korleis me kan få opp ny, fornybar energiproduksjon, rår polariserte, byrelaterte spørsmål grunnen i dagens klimadebatt.

Det er debatt om forbod mot fossilbilar, om biff og klimaavtrykk, det er debatt om flyskam og kor høg bensinprisen kan vera. Alle desse bidreg til polarisering mellom by og bygd, og til framandgjering. Sjølvsagt er det ikkje slik at me som bur i distrikta ikkje er opptekne av klimaendringane. På mange måtar er det me som kjenner dei fyrst, med konsekvensar av tørke, flaum og ekstremvêr. Men skal klimadebatten bli relevant for fleire, må den kjennast relevant for fleire.

Det er vanskeleg å snakke om klima utan å snakke om distriktspolitikk og bypolitikk. Og det er vanskeleg å snakke om klima og stortingsval utan å snakke om Senterpartiet, om den såkalla dieselpopulismen og kampen om nokre av Frp sine veljarar.

Nei til tredobling av co2-avgifter, som er eit konkret framlegg frå regjeringa, har vorte eit by-bygd-spørsmål. Det er ikkje så rart, når du bur ein stad der bilen er naudsynt framkomstmiddel. Du kan ikkje ta ein buss som ikkje går. Og det er urealistisk å sjå for seg at kollektivtilbodet i mange bygder i det heile teke blir slik at det er mogleg å bruke kollektivtransport til arbeid og fritid. Distrikts-Noreg kjem i all framtid til å vera bilbasert.

Denne mangelen på differensiering av tiltak mellom bygd og by rår debatten, og blir ein debatt mellom dei som er minst for at folk på bygda skal kutte klimagassutsleppa sine. Eg opplever at det er skilnad mellom den pragmatiske, meir framoverlente politikken lokalt, og ein tidvis negativ retorikk sentralt. Det er for stor skilnad mellom den Oslo-dominerte forbodsdebatten og fakta på bakken og liva som blir levd i Distrikts-Noreg. Det er ikkje slik at me må velje mellom ein god klimapolitikk og ein god distriktspolitikk?

Du er ikkje ein klimaversting om du køyrer bensinbil og et storfekjøtt. Men når debatten handlar om symbolpolitikk, slepp ein også å diskutere dei store linjene, som når me skal gå over frå ein oljeavhengig økonomi til fornybar økonomi, og dei små linjene, som ei skikkeleg utbygging av ladekapasiteten i distrikta, som diverre ikkje kjem til å bli ei valkampsak.

Elbilar er ikkje lenger forunnt hyttefolket med Tesla. Berre i Valdres i fjor var 31 prosent av nybilsalet elbilar. Det er under landsgjennomsnittet, men med tanke på kor dårleg ladekapasiteten er, er det eigentleg ganske bra. Elbil er ikkje lenger berre for spesielt interesserte.

Når ladekapasiteten ikkje er god nok, og bruktmarknaden for bilar med ei viss rekkjevidde er fossilbilar, så blir det ikkje oppfatta som at du har eit val. Avgiftspolitikken skal styre forbruket vårt og lokke oss over til meir klimavenlege løysingar. Men ei tredobling av CO2-avgifta og ein bensinpris på 20 kroner literen er ikkje eit lokkemiddel, når mange framleis opplever at dei ikkje har noko reelt val til bensinbilen. Det trengst fleire ladestasjonar på arbeidsplassane, fleire hurtigladarar og ikkje minst eit straumnett og -inntak som toler lading heime.

Eit anna av dei store tema i klimadebatten er kjøtt frå drøvtyggjarar. I 2018 åt me kvar og ein 1,5 kg meir kjøtt frå drøvtyggjarar enn me gjorde i 1989. Den eksplosjonsarta utviklinga i kjøttforbruket vårt kjem frå dyr som ikkje beitar i norsk natur; kylling og gris. Å meine at det er greitt å framleis eta kjøtt frå sau, ku og geit, er ikkje det same som å fornekte klimaendringane.

Det handlar om å ha eit anna syn. At produksjon av mat bør stå i ei særstilling, i motsetning til ferieturar til Thailand, at kyr og sauer er dyr som nyttiggjer seg av viktige ressursar me ikkje kan gjera bruk av, at det blir oppfatta at debatten om klimagassutslepp er for snever når ein ikkje ser på co2-binding gjennom beiting, som det mellom anna blir forska på. Kvifor skal kua til bonden telje med på utsleppssida, medan skogen han eig ikkje tel for å binde co2?

Om ein ser på SSB-tal for utrekning av klimagassutslepp per hovud, kjem distriktskommunar med få innbyggjarar, kjøtt- og mjølkeproduksjon og ei hovudfartsåre som E6 eller E16 gjennom kommunen, ut som verre enn byane. Om du stengjer E16 gjennom Valdres og legg ned husdyrproduksjonen, vil det telje positivt på klimastatistikken til kommunane. Det er med på å gjera klimadebatten perifer.

Konsekvensen er at klimapolitikken slit med å nå fram til oss her på bygda. Me veit den er langt meir komplisert enn som så.

Kommentarer til denne saken