Kan reklame vera skadeleg?

Reklame på dagordenen: – Eg meiner det er svært gale med «reklame» retta mot barn. Men det er og gale med «reklame» retta mot vaksne, skriv Olav Wangensteen.

Reklame på dagordenen: – Eg meiner det er svært gale med «reklame» retta mot barn. Men det er og gale med «reklame» retta mot vaksne, skriv Olav Wangensteen. Foto:

Av
DEL

Syn & Sak Barn skal ikkje verta utsette for reklame for å gå ned i vekt, for produkt som skal gje dei større musklar. Barn skal få lov å vera barn, og ikkje verte utsette for slikt press. Klarar ikkje marknadsaktørane å skjerme barn, må lovgjevarane gjera det.

Dette står i det Medietilsynet la fram no ein dag i undersøkinga «Barn og media 2020». Der kom det fram at barn vert utsette for store mengder reklame. Det rare er eller kanskje ikkje det er det, «i motsett til reklame direkte retta mot vaksne, som er ei gruppe med stor alders skilnad, er barn ei meir sårbar gruppe, og derfor endå lettare å nå».

Resultatet av undersøkinga er derfor heller ikkje overraskande, meinte Medietilsynet, «barnereklame er slett ikkje noko nytt. Men det betyr ikkje at det er mindre grunn til å vera uroa».

Medietilsynet var og uroa over den måten reklamen vert spreidd på gjennom sosiale kanalar, både som open reklame og sponsa reklame. Det gjer at trykket frå slik reklame er mykje sterkare og meir tilgjengeleg enn for berre fåe år sidan.

Kvar fjerde spurde svara at dei hadde motteke slik reklame, men at dei ikkje likte det. Fleirtalet sa, at dei ikkje bryr seg. Tru om det betyr at dei slett ikkje let seg påverke av reklame.

Eg likar ikkje å sjå, eller lesa reklame retta mot barn, like lite som Medietilsynet. Grunnen for det er at eg veit ikkje kvifor slikt vert laga, eller kven det er godt for. Ut frå Medietilsynet, er det ikkje godt for barn. Ut frå undersøkingar eg har sett meiner dei fleste foreldre at det ikkje er godt for deira barn.

Då endar dette opp med å vera ein lite fin måte å tene pengar på. Me samfunnsbevisste vaksne tilet at nokre skal tene pengar på dei som ikkje kan, eller kanskje endå ikkje har evna til å til å forsvara seg mot «reklame».

Men so tenkjer du kanskje, kva gjer du Olav med all reklamen som er laga for at du skal leva «eit betre liv». Kanskje er ikkje den «reklamen» du får sann, kanskje er den berre laga for at du skal bruke pengar på noko du har nok av frå før, «det gode liv».

Høyr no. Me får kvar veke om lag ein halv kilo med «reklame» i vår postkasse. Me kunne ha sett ein lapp på postkassa et me ikkje vil ha noko anna enn post, men so er det slik at post kjem det nesten ikkje, derfor er det kjekt at noko også kjem i postkassa. Ja, dette med «reklame» er so gale at den veka ikkje postmann kjem med posten på måndag, kjem han likevel ein tur berre med «reklame», det har posten råd til, eller er det nokon som betalar for det? Det meste av «reklamen» går på alt me kan stappe inn i munnen, både mat og kva me skal eta av ekstra ting for å leva, om det går an «eit betre liv». Det rare er at dei som kostar kanskje hundrevis av millionar på «reklame» er dei rikaste i Noreg. Det er altså slik at i alle fall eg let meg lure, og kjøper, til dømes, matvarer som det er både 10, kanskje 30, ja heil opp til 50 % rabatt på, ut frå det desse varene «reklamen» dei skulle ha kosta.

So litt å tenkja på. Då eg arbeidde i Vestlandske Salslag, var det ganske stor auke i kjøttprisen til gardbrukarane, det var bra. Det gjorde at me ikkje greidde selja ein kalv kilo kjøttdeig til under 20 kroner. So kom me på noko lurt, me sette vekta til 400 gram, og greidde saman med kjedene å selja fem pakker kjøttdeig for kr 99,90. So har prisen på kjøtt stege, og kjøttdeigen er vorte dyrare. Men likevel har prisen på kjøttdeig vore slik fram til i vår at det har vore tilbod på å kjøpe fire pakker kjøttdeig for kr 99,90.

Frå i vår og til no har det ikkje vore oppgang på kjøttprisen til gardbrukarane, men likevel har prisen på kjøttdeig stege slik at no får me kjøpe det som kjedene seier «svært gode tilbod» heile tre pakkar kjøttdeig på 400 gram for 99.90.

Eg meiner det er svært gale med «reklame» retta mot barn. Men det er og gale med «reklame» retta mot vaksne. Kan det verkeleg vera slik at «konkurranse» er det heilage ordet som gjer at me tillèt «reklame retta mot barn». Er det same ordet «konkurranse» som kjedene er vorte einige om å oversjå, som gjer at dei no skal tene inn at noko av «reklameutgiftene» sine på dyrare kjøttdeig.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken