Gå til sidens hovedinnhold

Kan vera konfliktfylt

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Dyr på beite i fjellet veit vi kan også kan vera ein kime til konflikt. Det sit gjerne langt inne å seia det, ta til motmæle og problematisere det. Dei fleste hyttefolk er fullt klar over at i fjellheimen der dei har valt å kjøpe seg hytte, gjerne også går dyr på beite. Det kan vera alt frå store flokkar med ungfe, kyr, sauer og attpåtil hestar i flokk. Slik har det alltid vore, men forskjellen er at no er hyttelivet dominerande og ikkje omvendt.

Mange er nok heller ikkje heilt klar over kva dei går til og får store utfordringar med å hanskast med problematikken. Kvart år kjem slike konfliktar opp til overflata. Vi skal heller ikkje leggje skjul på at store dyreflokkar kan både skape frykt. For dei som ikkje har gjerde rundt eigedomane sine kan det føre med seg uønska handlingar som dyreskit og så vidare.

Les også

– Beitedyra kommer før hytteeierne

Stort sett er dyra til hugnad og dei fleste finn vel ut av det. Dei fleste ser også verdien med at det framleis er aktiv beiting i Valdres. Det som liksom fjellverdiane opphavleg er teke i bruk for. Men vi kan heller ikkje leggje vekk at det kan vera problem med dette. Det skal lite til for å seta ordentleg fyr, det veit vi. Då gjeld det å fylgje hovudet og fornufta. Båe interessene må leve side om side også framover skal dette gå rundt.

Les også

– Heldigvis hadde vi ikke sendt opp hele flokken ennå

Ei utfordring er det jo også om alle hytteeigedomar i framtida skal gjerdast inn. Det rammar fort allemannsretten og fortonar seg heller ikkje estetisk korrekt alle stader. Eit Syndin med hundrevis med inngjerda hytteeigedomar er heller ikkje berre av det kloke. Vi må også sjå det. Problematikken er naturlegvis enklare å handtere når det er tale om å etablere nye feltutbyggingar. Då er det enklare å nedfelle kva som skal gjelde. Like fullt må hyttefolket akseptere utfordringane det fører med seg.

Les også

Kyr på beite i sommer: – Bruk sunn fornuft

Som sagt opplever vi at det er stor forståing for at dei to interessene må leve side om side. Vi ser, til dømes, at Facebookgruppene som er relevante for fjellområda, blir mykje nytta til å melde frå om når dyr har skada seg eller er kome bort. Og her er faktisk Facebook eit fantastisk verktøy. Fornøyeleg var det også å lesa om Vangsbonden som lanserte sine kuvettreglar på Facebook. Køyrereglar for korleis ein møter store kuflokkar som for somme kan vera skremmande og i verste fall farlege. Meir av slikt. Kunnskap og forståing er basis også i dette.

Les også

– Sannsynligheta er langt lavere enn hos en hund som ikke har trent på dette

Ikkje minst to ting ser det alltid å vera grunnlag for å minne om: at hundar skal haldast i band og at hundeeigarar tek det store ansvaret med å ha hund. Også vi menneske har eit stort ansvar for ikkje å kaste søppel og øl-/brusboksar i naturen som dyr kan få i seg. Det veit vi kan vera skjebnesvangert. Å bruke hovudet gjeld også her.

Forskjellen er at no er hyttelivet dominerande og ikkje omvendt.

Les også

Hestefolk og hyttefolk i harnisk

Kommentarer til denne saken