Kvar veke får nye valdrisar fyrste vaksinedose, medan andre blir fullvaksinerte. I skrivande stund har 6637 personar i Valdres fått fyrste dose. 4870 personar er fullvaksinerte. Nord-Aurdal kommune har førebels vaksinert flest, der har 42 prosent av kommunen sine innbyggjarar fått fyrste vaksinedose. Alle Valdres-kommunane har no vaksinert over 30 prosent av innbyggjarane.

Vaksineringa går framleis seint. Rett før helga kom meldinga om at Noreg får 400 000 færre dosar frå Pfizer i juli. Det vil forsinke vaksineringa ytterlegare. Samstundes kom meldinga måndag om at vaksinen frå Novavax no ligg inne for godkjenning hjå Noreg og EU. Førebelse testar syner at verknaden av denne vaksinen er god, men med biverknadene frå AstraZeneca- og Janssen-vaksinane sterkt i minne, er det viktig å vera føre var.

Likevel er det grunn til å minne om at årsaka til at det har vore mogleg for Noreg å droppe AstraZeneca-vaksinen og ha strenge reglar for kven som kan søkje om å få Janssen-vaksinen er at det har vore langt mindre koronarelaterte dødsfall i Noreg enn i mange andre land.

Noreg er eitt av landa i Europa med færrast dødsfall per tusande innbyggjar. Det skuldast ikkje minst ein formidabel innsats frå tilsette i helsesektoren, ein god utbygd velferdsstat som sikrar god behandling til alle og at vi har hatt råd til å setje store delar av samfunnet på vent for å motverke koronasmitta.

Likevel kjennest det sjølvsagt ikkje bra verken med skeivfordeling av vaksinar eller meldingar om leveringsforseinkingar når ein går og ventar på å få vaksine. Men å setje «Liv (18) i Oslo» opp mot «Tove (63) i Tjeldsund» har lite for seg. Mange er slitne av tiltak, av å kjenne på frykt for å bli smitta, av eit usikkert arbeidsliv. Då er ikkje svaret å spela opp motsetningar mellom enkeltinnbyggjarar i Noreg.

Kanskje er den «vaksine-misunninga» ein går og kjenner på i det store og heile bra. Det tyder i alle fall at det er stor oppslutnad om å la seg vaksinere. Skal koronaviruset bekjempast, må mange nok vaksinere seg. Men då må vi i alle fall få tilgang til nok vaksinar.