Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Årsaka er sjølvsagt at det er slik kraftmarknaden verkar etter liberaliseringa for 30 år sidan: Det er marknaden som avgjer spotprisen på straum, og no er det også fleire europeiske faktorar som set nivået for straumprisen i Noreg. Manglande overføringskablar mellom Nord-Noreg og Sør-Noreg gjer også at medan kraftutvekslinga mellom Sør-Noreg og Nord-Europa kan pågå for fullt, medan det ikkje er mogleg å få straumen sendt frå nord til sør i Noreg. Olje- og energiminister Terje Lien Aasland uttala måndag at det er mogleg å knipe att eksporten, men høge prisar kan ikkje vera utgangspunktet for eksportstopp.
Spørsmålet ein no må stille seg, er om straum skal vera ein del av varer og tenester som skal kjøpast og seljast i utan regulering, eller om straum, til dømes på lik linje med mat, skal vera eit spørsmål om beredskap og sjølvforsyning. Noreg Om svaret er ja på fyrste spørsmål, krev det ei langt større omstillingsevne og utbyggjingstakt av fornybar energi enn me har sett til no.
Noreg har nytt godt av billig og fornybar energi i hundre år. Utbyggjing av fornybar vasskraft har vore ein av suksessfaktorane for det norske samfunnet. At straumen har vore så billig, er ei hovudårsak til at me fyrar opp husa våre med elektrisitet, og ikkje med gass, til dømes, som dei gjer i ein del andre land. At me brukar vasskraft, og ikkje gass, er det staten som har lagt til rette for – i tiår etter tiår.
Det er vanskeleg å sjå enkle løysingar på den høge straumprisen. Måndag var spotprisen for vårt straumprisområde på 4,86 kroner per kWt. Analytikarar meiner straumprisen kjem til å halde seg høg utover hausten og vinteren, også. Den verste tørka i Europa på 500 år og heitebylgjene som har herja i Europa i sumar, gjer at etterspurnaden etter straum har vore høg. Det er turre elver og vassmangel fleire stader i Europa. Atomkraftverka i Frankrike går for halv maskin. Vasskrisa i Europa gjer at det blir produsert mindre vasskraft.
Skal det byggjast ut meir fornybar straum i Noreg, som til dømes ved at husstandar sjølve legg solcellepanel, er dette ein stor kostnad. Men for mange kan det vera ei god løysing. Staten tener no gode pengar på dei høge straumprisane. Ein del av inntekta går til å subsidiere dei høge straumprisane. Skal ein få fart på t.d. installasjon av solcelleanlegg, er det no ei moglegheit til å bruke dei auka inntektene til å auke støtta til næringsliv og hushald.