Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Brøytemannskap og bilbergarar har stått på nær sagt døgnet rundt for å halde vegane opne. Mykje snøfall over fleire dagar har gjort det svært krevjande å ta seg rundt for dei som er ute på vegane. Fleire av ulukkene kunne også gått langt meir ille enn dei gjorde, som med sjåføren av traileren som vart hengjande i autovernet på nedsida av E16 langs Slidrefjorden. At det i skrivande stund har gått bra med alle som har forulukka, er nesten eit under.

Dramatiske bilete då semitrailer vart hengjande ned mot skrent
I romjula kunne me lesa nyheitsmeldingane frå lenger aust på Austlandet, om regn, is og snø. Dei siste dagane har vêret også kome til Valdres. Både Politiet, Statens vegvesen og fylkeskommunane har åtvara folk mot føret, og rådet har vore klart: Dette er ikkje helga for å reise på hytta.

– Ikke helgen for å dra på hytta. Det kan bli veldig kaotisk.
Fredag vart også alle fjellovergangane i Sør-Noreg stengde, bortsett frå Filefjell, sjølvsagt. Frå før veit me at det blir auka trafikk av tungtransport ned gjennom Valdres. Og hadde ikkje Kvamskleivtunnelen stått klar tre månader før tida, ville det vore endå meir kaotisk. Heldigvis er no mange av dei trafikkfarlege punkta langs E16 i Valdres no fjerna etter at fleire tunnelar er bygde og europavegen utbetra for lange strekningar.
Fekk oppdraget med å kutte flaggbanneret med eit 700 år gamalt reiskap
Likevel er me ikkje i mål. Utbetringa av E16 frå Hålimoen til Lomen stavkyrkje er under utbetring no. Men den 4,5 kilometer lange strekninga frå Lomen stavkyrkje til Hausåker treng også utbetring. På denne strekninga er det fleire trafikkfarlege punkt, med skarpe svingar og smal veg, som ved Løkjisberget og Kvamshall.

Semitrailere med stans på samme plass
Det trengst midlar til å fullføre utbetringa av E16 frå Øylo til Ulnes, og det er urovekkjande med tanke på ferdigstilling av E16 gjennom Valdres at det ikkje er konkrete midlar til Hausåker–Lomen stavkyrkje, og at ei løysing for E16 gjennom Fagernes framleis er i det blå.
– Det vi nå ser må være en virkelig tankevekker
Sjølvsagt skjer det ulukker på dårleg føre på gode vegar, også. Å tilpasse farten til føret, ta omsyn til andre trafikantar og la bilen stå om ein ikkje absolutt må ut, er eit ansvar me alle må ta. Men når staten kan svi av totalt 36 milliardar etter fleire budsjettsprekkar på Follobanen, som førebels har vore ein pinleg fiasko, trengst det både måtehald og betre styring av store utbyggjingsprosjekt for å frigje midlar til nødvendige utbetringar av europavegane i distrikta.
Samme sjåfør måtte få semitraileren berga opp av grøfta to ganger samme dag med få timers mellomrom

Krevende trailerberging på E16
