33 karateutøvarar graderte seg i Øystre Slidre

DEL

Tingvang: Sist veke var det gradering for 33 utøvarar til Øystre Slidre Karateklubb.

Øystre Slidre Karateklubb har gradering to gonger i året, ein gong ved juletider og ein gong til våren. Grunnleggjaren av stilarten som dei brukar heiter Nagamine, medan stilarten heiter «Matsubayashi».

Gjekk til svart belte

– Det som var ekstra spesielt denne gongen var at to av våre gjekk opp til svart belte. Anne Finnbråten tok 1. grad svart belte og Nicolay Flaaten tok 2. grad, fortel instruktør Jon Hålien. Sjølv har han 4. grad svart belte, noko han tok i Bergen i fjor.

– Då eg gjekk opp til 3. grad svart belte, så reiste eg til Japan. Men, i fjor var eg i Bergen og tok 4. grad. Det har seg slik at han som er leiande innan karate i Europa var i Bergen då. Men, neste gong eg vil gå vidare, så må eg til Japan att. Det er ni grader av svart belte og det blir meir teknisk utfordrande og vanskelegare til lenger du kjem, fortel Hålien.

Startar for nybyrjarar

– Over nyttår startar vi opp att med kurs for nybyrjarar. Der er det ope for alle. Vi trener to gonger i veka, måndag og onsdag, Det er ingen krav til at du må kunne ta så og så mange push ups eller liknande, seier Hålien.

Øystre Slidre Karateklubb har kurs for dei som er frå 8 til 11 år, og vidare kurs for dei som er 11 år og eldre. Då kan òg foreldra vera med.

– Det som er fint med det dette er at det er ein idrett både born og vaksne kan drive med saman. For dei som vil ha endå ei økt, så trenar nokre av oss på fredagar med, legg Hålien til.

Utfordring for seg sjølv

For dei som vaks opp med filmane med Bruce Lee på 1980-talet, så har det sett sine spor på sporten, men er lite samanliknbart med verkelegheita.

– Ja, det er nok mange som hugsar dei filmane. Men, karate er utviklande for den enkelte. Vi trener på ulike "kataer", men trener både styrke og smidigheit, meditasjon og høflegheit. Ja, det er heile pakka der du utviklar deg sjølv, forklarar Hålien.

    Jon Hålinen og Eivind Arntzen.

    Artikkeltags