No kan desse to vie deg på Tingvang

Tingvang: Varaordførar Marit Synnøve Opheim Østli (t.v.) og ordførar Kjell Berge Melbybråten.

Tingvang: Varaordførar Marit Synnøve Opheim Østli (t.v.) og ordførar Kjell Berge Melbybråten. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ordførar Kjell Berge Melbybråten og varaordfører Marit Synnøve Opheim Østli er klare.

DEL

Stortinget har nyleg vedteke lovendringar i ekteskapsloven som innebærer at vigselsmyndighet overførast til ordførar, varaordførar og kommunalt tilsette eller folkevalgde som kommunestyret selv gir slik myndighet. I Øystre Slidre er dette anten ordførar Kjell Berge Melbybråten eller varaordførar Marit Synnøve Opheim Østli, som har fått oppgåva. Det vart banka gjennom i kommunestyret torsdag.

- Eit potensiale

Hanne Svendsen (H) meinte at dette kan vera ei moglegheit for kommunen som har eit stort potensiale i næringssamanheng og viste blant anna til Grønolen Fjellgard, som har mange bryllaup.

Ranveig Hovi (Ap) meinte at kommunen må ta dette vervet på alvor og legge til rette på Tingvang for vigslar.

- Vi må vera klare til å ta imot dei som vil gifte seg på Tingvang med eit ordentleg rom for dette til seremonien, sa Hovi.

På ein fredag

Rådmannen la saka fram med slikt forslag til vedtak: "Ordførar eller varaordførar gjennomfører som regel kommunal vigsel. Rådmannen eller den rådmannen fastsetter kan være vigselsfolk når ordførar eller varaordførar ikkje er tilgjengeleg".

Vidare at " Vigslar gjennomførast som hovudregel på kommunehuset på Tingvang mellom kl 12- 16 fredagar".

Og til slutt: "For vigslar som faller utanfor reglane for gratis vigsel avtales det pris i kor enkelt tilfelle basert på prinsippet om dekning av nødvendige, påreknelege meirkostnader".

Saka vart vedteken.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken