Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
På ein setervoll i Valdres ligg ei kjelde. Det er eit oppkomme som ligg under ei berghylle. Her piplar heile tida nytt klårt vatn opp frå grunnen. Det som ikkje vert nytta, renn vidare som ein bekk ut i fjorden.
Vatnet er mineralrikt og særs godt. Her har folk og fe sløkt tørsten i tusenvis av år. Det veit ein av di arkeologar har funne flintrestar frå steinalderen på ei høgde like ved kjelda. Steinalderfolket sette pris på godt vatn og på utsikt!
Lykkeleg er den som har ei vasskjelde på tomta, då treng ein ikkje som Oslo bruke 30 milliardar (vatn på billigsal!) for å sikre seg reservevatn om hovudvatnet skulle tørke inn.
Det ligg òg fleire dyregraver i nærleiken. Reinsdyrflokkane vart jaga, og var dei (u)heldige, fell fleire ned i gravene. Steinalderfolka handla jo ikkje på Rema, dei måtte skaffe seg maten sin sjøl. Ein rekna med at det tok om lag 500 timar å grave ei dyregrav. Og utan permanent busetjing var det og et godt stykke dei måte frakte viltet, for heime venta ein flokk med svoltne ungar.
På tomta ligg også slaggrestar frå jernutvinning. Så mykje at det truleg låg ein blesterovn her, der ein brende myrmalm frå dei nærliggjande myrene for å utvinne jern.
Ein reknar med at seterdrifta i området starta på 1600 talet. Ein støl frå den tida står der endå med sine sprokne og forsteina stokkar. Griske hytteprosjektmeglarar med spisse sko og svart BMW som byggjer ned heile fjellheimen med digre hyttepalass har ein òg styra unna. Her er nesten ikkje bygd ei ny hytte dei seinaste hundre åra.
Ei lita bu vart dog sett opp av ein gamal kar med sjøllappa skjorte og brok som sa: «Det er gødt å ha noko å koma inn i». Her har ein i staden satsa på beiteområde og stølsdrift, og unngått urbane, innbitte terrengsyklistar med gule trøyer og rekord i siktet. Her herskar freden og kubjella.
Det fyrste bestefar min gjorde når familien kom opp på stølen, etter ein fire mils tur frå bygda med hest og vogn, var å fylle opp eit stort glas med kjeldevatn. Det er langt frå Olavkjelda, langt frå Jomfru Mariakjelda og endå lengre frå Jordanelva der Jesus vart døypt.
Det er vel lite truleg at kjelda har helbredande verknad, men bestefar min blei i alle fall heilt andektig etter det fyrste glaset. Han hadde lengta etter kjeldevatn heile vinteren. Er du tyrst, ha kjeldevatn i tankane! Så vende han seg mot Skaget, helste og såg atter slike fjell og dalar. Dette er noko etterkommarane òg gjer.
Hogg ved. Ber vatn. Det seier eit haikudikt. Når alle børsane har klappa saman og oljeriggane rusta ned, må me ta fram øksa att og søkje tilbake til kjelda med det klåre og livgjevande vatnet.