VALDRES: Hilde Lysengen Havro held fram den fine tradisjonen avisa har nytta dei siste åra, med å dele ut blomster til lokale kvardagsheltar i førjulstida.

Avisa Valdres deler ut julegleder til personar som har bidratt med noko spesielt til lokalsamfunnet. Folk som stiller opp for naboar og kollegaer og gjer ein positive innsats. Er det ein person som vaskar, brøyter, baker, går på besøk, er vaktmeister, eller på heilt andre måtar stiller opp for andre, gje oss eit tips.

Ulike kandidatar

Hilde Lysengen Havro er sikker på at det finst mange av desse i Valdres, og oppfordrar alle lesarane til å sende inn namn på aktuelle kandidatar. Det kan vera ei kvinne eller ein mann, ung eller gamal, eller ei gruppe som står på for andre.

Ta kontakt

For at dette skal bli ein god og lesbar artikkelserie, er vi er avhengig av hjelp frå lesarane.

Kjenner du nokon som står på for andre?

Ikkje nøl med å ta kontakt med avisa på [email protected] og gje oss din kandidat. Merk mailen med «Juleglede».