Gå til sidens hovedinnhold

Klare krav til munnbindbruk i Vang

Det er vedteke ei forskrift som pålegg mellom anna utstrakt bruk av munnbind gjennom påskeveka i Vang kommune.

Vang: Forskrifta vart vedteke av kommunestyyret i Vang torsdag og med dette har alle Valdres-kommunane no vedteke eigne forskrifter knytt til koronasituasjonen gjennom påska.

Forskrifta gjeld f.o.m. 26. mars t.o.m. 6. april.

Forskrifta lyder i sin heilskap slik:

Heimel: Fastsett av Vang kommunestyre 25. mars 2021 med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1.

§ 1 Føremål:

Forskrifta sitt føremål er å hindre eller avgrense smitte av koronaviruset (SARS-CoV-2) gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva.

§ 2 Verkeområde:

Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald Vang kommune. Påbod om munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller personer som av medisinske eller andre årsaker ikkje er i stand til å bruke munnbind.

§ 3 Definisjonar:

Med «arrangement» i denne forskrifta er meint arrangement slik det er definert i den nasjonale Covid -19 forskrifta («Forskrift om smitteverntiltak m.v. ved koronautbruddet»), § 13, bokstav a-e.

§ 4a: Påbod om å bruke munnbind i butikkar og på bibliotek:

Det skal nyttast munnbind i butikkar og på bibliotek. Plikta gjeld både for tilsette og kundar/besøkande.

§ 4b: Påbod om å bruke munnbind på serveringsstader:

Tilsette på serveringsstader skal bruke munnbind når dei er i lokale der det oppheld seggjester.Gjester som besøker serveringsstader skal bruke munnbind når dei ikkje sit ved bordet.

§ 4c: Påbod om å bruke munnbind i kollektivtransport:

Passasjerar i kollektivtransporten skal bruke munnbind.

§ 4d: Påbod om å bruke munnbind i taxi:

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi og anna form for leigekøyring. Munnbindet skaltakast på før passasjerane set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa eravslutta og passasjeren har gått ut av kjøretøyet.Plikta til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjerar i taxien.

§ 4e: Påbod om å bruke munnbind ved innandørs arrangement:

Besøkande på innandørs arrangement skal bruke munnbind.

§ 5 Avstandsreglar i skiheisanlegg:

Eigarar av skiheisanlegg skal syte for at det er lagt til rette for at det skal være minst tometers avstand mellom publikum som ikkje kjem frå same husstand i kø ved heis og ved uteservering el.l. Det skal om nødvendig gjennomførast vakthald for å sikre at kravet blir etterlevd. I stolheis skal det være minst eitt ledig sete mellom passasjerar som ikkje kjem frå samehusstand.

§ 6 Ansvar:

Vang kommune påtek seg ikkje økonomisk ansvar som følgje av pålagde tiltak.

§ 7 Straff:

Forsettleg eller grovt aktlaust brot på føresegner i denne forskrifta eller vedtak gitt med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsamesjukdommar § 8-1.

§ 8 Ikraftsetjing og varigheit:

Forskrifta trer i kraft 26. mars 2021 og gjeld til og med 6. april 2021.

Kommentarer til denne saken